Lokal | 01. sep. 2015

Om vaflar!

Lesarinnlegg: Os Arbeiderparti svarar på utfordringa frå Knut Haddal i Os Fotball.

Om vaflar!
Tone Hepsøe er varaordførarkandidat frå Arbeiderpartiet (foto: Os Ap)
Andris Hamretirsdag 01. sep. 2015 06:24

I sitt lesarinnlegg «Skal det være en vaffel» utfordrar leiaren i Os Fotball, Knut Haddal dei politiske partia til å seia frå kva dei står for når det gjeld det flotte frivillige arbeidet i Os Modellen og dei rammevilkår dei arbeider under.

For Arbeidarpartiet har alltid den frivillige sektor vore svært viktig for å skapa eit levande kultur- og aktivitetstilbod, spesielt innan born- og ungdomsarbeid.

Arbeidarpartiet ynskjer eit lokalsamfunn i Os der me alle er med for å danna, oppdra og utdanna våre born og unge. Me ser og at for mange familiar er det vanskelig å få tidskabalen til å gå opp; med arbeid, hjelp til lekser, middag og fritidsaktivitetar. Det vert lett eit jag både for vaksne og born.

Med dette som bakteppe, og kunnskapen om kva som aukar læringa skreiv 1. kandidaten til Ap; Helge Steinum fylgjande i eit lesarinnlegg:

«Forsking har vist at det er stor samanheng mellom læring, fysisk aktivitet, ernæring og søvn. Os Arbeidarparti vil at alle skular og skulehelsetenesta i samarbeid med heimane lagar opplegg slik at borna i størst mogeleg grad fylgjer opp denne forskinga. Os Arbeidarparti vil vera positiv til å støtta skular som vil prøva ut heildagsskulen. (lengre skuledag m/måltid, meir fysisk aktivitet og ingen obligatoriske heimelekser)»

Om slike opplegg vert organisert på ein av skulane, på Kuventræ idrettsanlegg, i Allaktivitetshuset på Nore Neset, i Oseana eller andre stader er ikkje det viktige her. Det viktigaste er at ein finn modellar som både kan vera med å løysa foreldra sin logistikkutfordring samstundes som ein kan gi born og ungdom rammer for ennå betre utvikling, både fagleg og sosialt.

Ut frå dette ligg det at Arbeidarpartiet i Os er meir enn positiv til «Os modellen».

Denne modellen er utvikla innan fotball, og det kan vera lurt å starta der.

Men andre born og unge har andre interesser enn fotball. Når erfaringane frå fotball er evaluert bør ein vurdere å utvida eit slikt tilbod til fleire interesseområde; friidrett, symjing, dans og musikk, handball mm.

Desse prosjekta må vera eit trepartsamarbeid mellom lag , foreldre og kommunen, der alle stiller opp etter forpliktande avtalar.

Me er og kjent med at kommunen slit med å få tak i nok støttekontaktar for born og unge som treng det. Her ligg det godt til rette for at desse unge kan bli trekt inn i dette opplegget og at «laget» vert støttekontakten. Os kommune skal og integrera mange flyktningeborn. Å få lov til å koma inn i eit slikt sosialt miljø må vera den beste form for integrering. Slike løysingar vil vera ein vinn-vinn situasjon for alle partar.

Som det går fram av det som er skrive ynskjer Os Arbeidarparti Os Modellen velkomen både innan fotball og andre område, og me vil gjerne inngå ein forpliktande avtale der kommunen er ein av partane. Me skriv forpliktande, og det må gjelda både økonomi og opplegg.

Og så må det ikkje verta slutt på «vaflelsalget». Deltaking i slikt arbeid utviklar samhald mellom dei som deltar på dugnad, og ein føler seg verdifull som får lov å ta del i fellesskapet. Dette er og inkludering og integrering på sitt beste!

Os Arbeidarparti

Helge SteinumTone Hepsøe
Leiar og ordførarkandidatvaraordførarkandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.