Lokal | 28. mai 2015

Om ytringsfridom og folkeskikk

Lesarinnlegg: Vi ønskjer eit offentleg ordskifte i Os fritt for hets og trakassering.

Om ytringsfridom og folkeskikk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. mai 2015 07:22

I eit levande demokrati skal det vera lov med frisk debatt. Det er sjølvsagt legitimt å vere usamd med Miljøpartiet Dei Grøne politisk, men vi ønskjer eit offentleg ordskifte i Os fritt for hets og trakassering.

I samband med lesarbrevet om flyktningar som MDG hadde publisert i Os & Fusaposten og Midtsiden i førre veke har det kome fram nokre til dels grove reaksjonar, blant anna i kommentarfeltet på facebooksida til ordførar Terje Søviknes. Blant kommentarane finn vi utsegn som dette: «Fåkk de Grønne !! De er verdiløse og jeg kjenner ingen som liker dem !! Frp har skjønt poenget !! AP ønsker å tyne folket med boligskatt for å dra inn flyktninger,lykkegjegere og skjulte terrorister !! DE vil slakte pensjonister i Islams navn !! AP skapte Breivik og fremmedhat med sin innvandringspolitikk !!» (sic).

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne taklar heilt fint denne typen useriøs kritikk, og tviler også på at Arbeidarpartiet i nemneverdig grad tek til seg useriøse anklager som dette. Det tyder likevel ikkje at denne typen innlegg skal få stå uimotsagte. Det vart dei heldigvis heller ikkje. Både meiningsytrarane sjølv og ordførar Søviknes vart konfronterte med utsegnene, mellom anna av Jon-Sivert Rykkel frå Venstre og fleire medlemmar av MDG.

Ordføraren vert oppmoda til å markera avstand, men svarer berre: «De som trår over får stå for sine meninger. Av prinsipp kommenterer jeg aldri slike innlegg - kommer sjelden noe godt ut av det. Hver og en får stå for sine verdier - og jeg vet hva jeg står for.»

Problemet er berre det at ordføreren faktisk har eit ansvar for det som vert posta på hans eigen vegg, om det no er juridisk eller berre moralsk.

Også andre personar som postar til dels hårreisande ytringar på ordføraren sin vegg vert konfronterte. Men når dette skjer, trekk dei fram ytringsfridomen som vern. Rykkel vert møtt med kommentaren: «Synest herr rykkel at det er feil eller ulovlig å uttrykke sine meiningar bør han vell flytte til eit land som ja nettopp forbyr ytringsfriheten. Eg kan vere med å sponse flyttinga di viss du mangler midler» (sic).

Ytringsfridomen har og skal ha vide rammer. Men dette handlar faktisk om god, gamaldags folkeskikk. Det offentlege ordskiftet er ikkje tent med denne typen retorikk. Ein markant politikar som Terje Søviknes kan her gjera ein forskjell. Me vonar difor at han på det sterkaste markerer avstand frå uakseptabel framferd på si eiga facebookside, og at han også gjer det klårt at trakassering, hets, rasisme og andre krenkjande ytringar korkje er velkomne på facebooksida hans eller i Os.

Nils-Anders Nøttseter, Gunnar Kvåle og Knut-Inge Johnsen
Miljøpartiet Dei Grøne Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.