Lokal | 29. sep. 2017

Omfattande tjuvstart på årets hummarfiske

– Det kjem dagleg inn tips, seier Knut Bauge. I dag tok han eit mindre beslag frå land.

Omfattande tjuvstart på årets hummarfiske
Inspektør Knut Morten Bauge frå sjøtenesta til Fiskeridirektoratet med dagens beslag ved Hagavik kai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. sep. 2017 10:21

Bildeserie:

Bauge blei tipsa om fleire teiner festa til land i denne kaien. (Foto: KVB)
Bauge blei tipsa om fleire teiner festa til land i denne kaien. (Foto: KVB)
Om den inste ringen var fjerna, og teinene var merkte, ville dei vore lovlege. (Foto: KVB)
Om den inste ringen var fjerna, og teinene var merkte, ville dei vore lovlege. (Foto: KVB)
Denne leiketeina blei liggande igjen. (Foto: KVB)
Denne leiketeina blei liggande igjen. (Foto: KVB)
1 av 3

I månadsskiftet august-september tok Fiskeridirektoratet si sjøteneste og Kystvakten beslag i til saman 17 teiner utanfor Drange og Nordstrøno.

Denne veka har Fiskeridirektoratet vore i Os to gongar.

– Vi var i hovudsak i Fjell og på Tysnes, men svingte òg innom Os med MS «Royal Wiking» og tok beslag i to teiner utanfor Hatvik på måndag.

– Han som eig teinene er meldt, i tillegg var det fleire som fekk åtvaring grunna dårleg merking, fortel førsteinspektør Trond Bakken frå Fiskeridirektoratet.

• Visste du ...? I år må du registrerar deg for å fiska hummar

Bakken er på sjøen med «Royal Wiking» også i dag, ein annan stad i fylket.

I formiddag var kollegaene Knut Bauge og Inge Roset i Hagavik etter tips om umerkte teiner festa i land.

– Folk irriterer seg

– Det kjem inn tips kvar dag, den siste veka frå blant anna Bømlo og Askøy, Sund og Tysnes. Dei som sit og ventar og gler seg til å starta hummarfisket ergrar seg over at andre tjuvstarta, seier Bauge.

– Fleire stadar er det omfattande, det står tett med ulovlege teiner på kjente hummarplassar. Det går an å forstå at dei som fiskar lovleg irriterer seg.

Beslaget i Hagavik i dag blei av den mindre sorten, to teiner blei tatt med då dei ikkje var merkte, og fluktopninga ikkje var stor nok.

Utanom hummarsesong skal den inste ringen i opninga vekk sånn at fluktopninga blir 80 mm, ikkje 60 mm, som i sesong.

– Vi rekk ikkje følgja opp alle tipsa som kjem inn, men då vi i dag var i nærleiken, og fekk ledig tid, så fekk vi sjekka opp dette tipset frå Hagavik.

Teinene blir leverte til politiet.

• Få oversikt: Regelverket for hummarfiske (fiskeridir.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.