Kultur | 22. okt. 2014

Ompa, ompa - for ein fest!

– Folk dansa på borda frå klokka kvart over åtte og vi hadde rekordomsetnad på øl, fortel Linda etter oktoberfesten på Er-An.

Ompa, ompa - for ein fest!
Klokka 20.15 var folk allereie i gang med å dansa på borda på oktoberfest på Er-An. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. okt. 2014 09:14

Bildeserie:

Restauranten er uvida med telt, og laurdag var det dekka til fest.  (Privat foto)
Restauranten er uvida med telt, og laurdag var det dekka til fest. (Privat foto)
... og fest blei det.  (Privat foto)
... og fest blei det. (Privat foto)
1 av 2
Restauranten er uvida med telt, og laurdag var det dekka til fest.  (Privat foto)
... og fest blei det.  (Privat foto)

For to veker sidan kjørte Er-An Veikro drive in-kino for andre år på rad, tre kveldar etter kvarandre. Dei var uheldige med vêret, men hadde godt publikum.

– Vi hadde dobbelt så mykje folk på kino som året før, men kostnaden med å driva kino er framleis for høg til at prosjektet går rundt. No har vi fått kinoløyve for fem år og vil bruka desse åra på å bygga det betre opp, blant anna ved å redusera kostnadane på rigging og på å tilby barne- og familiefilm.

– Vi har fått tilbakemeldingar om at fleire har lyst å ta ungane med på drive in, og at dei som gjorde det trass i at årets filmar var meir for ungdom og vaksne, hadde ei fantastisk oppleving, fortel Linda Andersen.

Restauranten på Røykenes, som også hadde ein vellykka cowboyfest i juni, held fram med ulike kulturinnslag. I helga var det oktoberfest på Er-An for første gong, og det blei ein endå større suksess enn venta.

Fullt hus og ny øl-rekord

Det starta med at brørne Andreas og William Lindborg tok initiativ. Med historikk frå Søfteland Rock N LOL har dei teft for gode arrangement, og med slektning og LOL-kokk Kenneth Milde som medlem av 14 mann sterke Midtun Pavillion orkester visste dei å få tak i rett musikk.

– Orkesteret var heilt fantastisk. Dei stilte opp i flotte drakter og lagde utruleg bra stemning.

Restauraten var utvida med eit festivaltelt med scene, som no er kjøpt for seinare bruk. Likevel blei det smikkfullt.

– Folk kunne stilla utan å vera i oktoberfest-antrekk, over halvparten kom i «sivil». Men mange av gjestane hadde matcande antrekk til temaet, og det skapte naturlgvis ei ekstra fin ramme på oktoberfesten.

Menyen var tilpassa festen og all tysk mat og drikke gjekk unna.

– Vi har aldri selt så mykje øl før. Det einaste folk sakna var literglas, og det skal på plass til neste år, lover Linda.

Auka kapasitet

Med suksessdebuten for oktoberfest blir det to kveldar med same fest neste år.

– Vi fekk så fine tilbakemeldingar. eit par som har vore mykje rundt på oktoberfestar sa til og med at dette var den beste dei har vore på i Noreg.

Eit firma som var på festen kom oppom dagen etter for å sikra seg billettar til neste år!

– I oktober 2015 lager vi oktoberfest to kveldar, så vi får plass til fleire.

Med nytt telt har Er-An utvida kapasitet med frå 100 til 300 gjestar.

– No skal vi pynta til amerikansk julebordstemning, der vi også supplerer med musikk av Ine Tumyr og Emil Nordtveit med diverse gjesteartistar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.