Ole Bulls villa, Museet Lysøen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Onsdag blir det storutrykking til Lysøen

70 mannskap skal i sving: Korleis skal Lysøen evakuerast? Korleis hindra at ein eventuell grasbrann spreier seg til Ole Bulls villa?

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag kan du koma til å møta fleire utrykkingskøyretøy på Lyseklostervegen. Har du utsikt mot Lysøen vil du òg sjå både aktivitet og (kunstig) røyk frå øya.

– Det er rundt 70 involverte frå Os brannvesen, Bergen brannvesen, politiet, Kode og frå Sivilforsvaret i Hordaland på øvinga, seier øvingsleiar Eivind Hovden frå Hordaland sivilforsvarsdistrikt.

Øvinga startar klokka 09.00. Scenariet er at det bryt ut gras- og lyngbrann minst to ulike stadar på Lysøya.

Fraktar seks ATV-ar til øya

Bergen brannvesen ved Fana brannstasjon skal delta i øvinga, blant anna med brannbåten «Sjøbrann». Politiet i Os deltar med tre patruljar, i tillegg kjem innsatsleiar frå Bergen og politibåten «Kjølen».

Os brannvesen skal delta med eitt vaktlag.

– Vi kjem til å frakta éin ATV frå Os brannvesen og våre fem ATV-ar til øya, seier Hovden.

Kode deltar med innsatsteam på 15 personar. Dei skal blant anna berga ut kunstobjekt frå villaen.

Skal evakuera to skuleklassar

To skuleklassar frå Lysekloster barneskule skal delta som markørar.

– Dei skal delta som besøkande på Museet Lysøen, nokre av dei skal vera ved Ole Bulls villa, andre skal vera på tur på øya.

– Øvinga vil handla om både sløkkearbeid, å hindra at brannspreier seg til villaen og å evakuera ungane frå øya.

Øvinga skal vara til klokka 14.00. Etterpå blir det rydding og evaluering.

– Vi kjem blant anna til å ha fleire tusen meter med brannslangar ut over øya. Ryddearbeidet vil ta si tid, seier Hovden.