Lokal | 22. nov. 2017

Ønskjer økonomisk tilsyn med barnehagane

Arbeiderpartiet ønskjer at kommunen meir systematisk skal følgje opp korleis barnehagane bruker offentlege midlar.

Ønskjer økonomisk tilsyn med barnehagane
Gisle Hesjedal (Ap) meinte at kommunen burde føre meir systematisk tilsyn med korleis barnehagane bruker offentlege pengar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 22. nov. 2017 09:17

Kommunestyret hadde tysdag ettermiddag ein gjennomgang av «Tilstandsrapport for barnehage og skule 2017» kor dei fekk ein orientering om ståa både i skulane og i barnehagane.

– Det er kjempeflott at vi no også får med barnehagane i tilstandsrapporten. Det gjer at vi får ein mykje betre totaloversikt, men det er litt eg vil kommentera, innleia Gisle Hesjedal (Ap).

Avvikling gav tilsyn

Temaet Hesjedal tok opp var kva kontroll kommunen har med korleis barnehagane brukar dei midla dei får overført frå det offentlege.

– Det gjeld tilsyn i barnehagane. Vi har faste rutiner for tilsyn både med dei kommunale og private på at dei følgjer lover og regler. Vi har også hatt eit tilfelle av økonomisk tilsyn etter at ein barnehage la ned drifta, då det kom bekymringsmeldingar med spørsmål om alt hadde skjedd på rett vis med dei offentlege midla.

Os kommune er blant dei første kommunane i landet som gjennomfører økonomisk tilsyn med ein barnehage.

– Det at vi er tidleg ute på dette området er forsåvidt flott, men det var litt tilfeldig at vi kom i gang.

Betaler hundrevis av millionar

– Det som har gjort meg litt bekymra er at vi på nasjonalt nivå betaler ut milliardar til private barnehagar uten at det er system på å kontrollere at pengane blir brukt på den måten dei skal.

– Os kommune betaler ut hundrevis av millionar, men det finst ingen kontroll om pengane blir brukt etter loven sitt formål. Kanskje kan vi bli ein foregangskommune på dette området. I tenesteutvalet har vi fått vita at kommunen meiner at ein har rett på tilbakebetaling på mellom ein halv og ein million frå barnehagen det er ført økonomisk tilsyn med. Kva det ender opp med om ein har fast tilsyn på alle barnehagane veit vi ikkje, men dette er noko ein bør få på plass på litt sikt, mente Hesjedal.

Eit svært og vanskeleg område

Barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang, som også er den som utøver barnehagemynde på vegne av Os kommune, svara Hesjedal.

– Økonomisk tilsyn i alle barnehagar er ein svær sak. Den saka vi har hatt er ein spesiell sak. Det er ikkje kjekt å bli mistenkt for at du berre skal henta ut velferdspengar. Vi har ein god og open dialog med eigarane som driv barnehagar i Os kommune. Dei driv profesjonelt og inviterer oss inn, innleia Ullensvang som viste til ein rapport om økonomisk tilsyn utarbeidd av Agenda Kaupang, kor Os kommune er ein av casekommunane.

– Dette er ikkje enkelt. På landsbasis er det berre ein som har fått medhold av fylkesmannen. Til og med Oslo har fått fire fem saker tilbake. Det handlar om at regelverket er vanskeleg å forholde seg til. Det er veldig difust med mange nyansar, og vi ønskjer å opptre ryddig. Det har vi prøvd på i denne rapporten. Når det gjeld burk av midlar og korleis dei skal brukast, så heiter det at barnehagane kan ha rimeleg årsoverskot, men kan nokon av dykk definera kva som er rimeleg, svara Ullensvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.