Tropehagen i nye Luranetunet har eigen bar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ope hus på nye Luranetunet

Eldreomsorg som varmar: Palmesus, sildrande vatn, levande fiskar og ein bar av ekte bambus.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Dette er ikkje først og fremst ein institusjon, det er først og fremst ein heim. I møterommet i «diamanten» kan dei eldre som bur her samla heile familien til bursdagsfeiring, eta god mat og sjå video og bilde frå gamledagar, seier avtroppa prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune.

Døsen teiknar levande bilde til ideane bak tropehagen, og det vesle «diamant-bygget» midt i hagen, og har tatt gjest Jan Haaland med seg opp i andre etasje for å visa fasilitetane.

– Dei som har besøk av oldebarn kan ta ei vandring mellom palmer og vatn, sjå på fiskane og ha ei fin stund. Det kan bli ei god oppleving for den gamle, og kanskje ein tur oldebarnet kan hugsa resten av livet.

Innflytting i dag

Nybygget på Luranetunet består av to fløyar, den eine på tre etasjar, den andre på tre etasjar pluss kjellar. Det er cirka 800 + 1200 kvadratmeter per plan på dei tre jamne etasjane.

Til saman blir det 95 rom for sjuke og demente, og eitt for besøkande/pårørande. I alt er bygningsmassen rundt 9000 kvadratmeter, tilsvarande 1/4 av «Lidlbygget».

• Les òg: Siv Jensen sette ned første plante i tropehagen

Søndag var det ope hus i tropehagen og omvising i 1. og 3. etasje i tilbygget. Andre etasje står klar til innreiing for seinare behov.

– Det kjem 95 rom, 75 av desse opnar no. Vi startar flyttinga av 51 plassar frå den gamle sjukeheimen måndag, seier einingsleiar for pleie og omsorg i Os kommune, Aud Winsents.

Den gamle sjukeheimen skal tømmast og pussast opp.

– Ein god stad å bli gamal

Gjestane strøymde på for å sjå bygget og, ikkje minst, den unike tropehagen.

• Sjå òg: Nye Luranetunet sett frå lufta

Mellom eksisterande Luranetunet og dei to fløyane tilbygget utgjer har det kome glastak. 1300 kvaratmeter oppvarma «uteareal» under glastak er opparbeidd med stiar, planter, ein dam med fontene og levande fiskar - og ein eigen bar av bambus.

– Eg fann berre eitt firma i Noreg som sel ekte bambus, seier Døsen, som meinte denne Syden-baren passa godt inn som ein kiosk i tropehagen.

Blant gjestane var ekteparet Mette og Stein Ove Halhjem. Med seg hadde dei Stein Ove si mor, Lillian. Lillian selte einebustaden på Halhjem og flytta til Os Sjøfront 2 ved Oseana for nokre år sidan.

– Eg trivst godt i bustaden ved Os hamn, men dette er også flott, seier Lillian.

Stein Ove, som tidlegare var administrerande direktør i Bøe & Lepsøy og i Vestafjell (som har vore underleverandør for Consto på Lurane), hadde også fagleg utbyte av å sjå bygget.

– Eg er imponert over både arkitektur, gjennomføring og innhald. Det er blitt utruleg stilig, eg er heilt imponert. Os må vera ein fantastisk kommune å bli gamal i.

Arkitekten sjølv, Wenche Salbu frå SE Arkitekter, bur i Os og var på open dag søndag.

– Plantene og stiane er det Consto sine eigne gartnarar som har teikna. Det har vore eit kjekt prosjekt å vera med på, seier ho.

Open for alle

Aud Winsents seier at ho gler seg til å ta tropehagen i bruk.

– Etter at arbeiderane nyleg avslutta i hagen har folk allereie byrja å gå inn her. Eg har tru på at den vil bli mykje brukt og høgt verdsett, både av dei som bur her, dei som kjem på besøk og vi som jobbar her.

Gjekk du glipp av «open dag» og har ingen å besøka på Luranetunet? Du treng ikkje å lata som.

– Tropehagen er open for alle, kom opp her når du vil! Vi ønskjer at det skal vera liv her.

– Kva med Bambus Bar, får denne eigne opningstider?

– Fram til no har vi hatt sjølvbetjent kiosk i kantina. Vi vil ha aktiviteten opp, og kjem til å prøva oss litt fram med Bambus Bar og kantina, for å sjå kva som er passeleg av eventuell betjent opningstid.