Operapub

Oseana Kammerfest

Operapub med Edvard Greig Kor og Eirik Johan Grøtvedt og Eirik Haug Strømner.
Om Edvard Grieg Kor:

Edvard Grieg Kor blei stift i 2002 under namnet KorVest, eit prosjektbasert profesjonelt vokalensemble med base i Bergen. Koret har sidan starten vore ein viktig samarbeidspartnar både for Bergen Nasjonale opera og Bergen Filharmoniske orkester, i tillegg til regelmessige framsyningar under deii årlege Festspillene i Bergen. I 2012 blei koret det første norske vokalensemble som tilsette songarar i faste stillingar, og i 2013 blei koret relansert under namnet Edvard Grieg Kor samstundes med at dei starta eit samarbeid med Troldhaugen, Edvard Grieg sin heim. Alle songarane har songutdanning og opptrer jevnleg som solistar, fleire av dei på internasjonalt nivå.
Som a-capella ensemble har Edvard Grieg Kor samarbeida med ei rekke profilerte dirigentar, blant dei Simon Halsey og nyleg med Jeffrey Douma ved Yale-universitetet. Repertoaret spenner frå Monteverdi og Victoria til Frank Martin og Charles Ives. Fleire verk har blitt komponert og arrangert for koret, blant anna eit 8-stemt arrangement av Griegs Holberg Suite. I symfonisk samanheng har koret framført og spelt inn under leiing av nokre av verdas beste dirigentar, blandt anna Sir Simon Rattle, Masaaki Suzuki, Edward Gardner OBE og Sir Andrew Davis. Nyleg var flerie av songarane solistar i Beethovens Korfantasi saman med pianisten Leif Ove Andsnes.
Det meste av Edvard Grieg Kor sin aktivitet er i Bergensområdet, men turnevirksomheiten har teke dei til Oslo, Berlin, Edinburgh og nordvest-landet. I mai 2014 song Edvard Grieg Kor og Edvard Grieg ungdomskor for over 26.000 menneske saman med The Rolling Stones på deira «On Fire» turne på Telenor Arena i Oslo. Koret representerte Hordaland Fylkeskommune ved tenninga av julegrana i Edinburgh i desember 2014, der de song for 30.000.
Ei av Edvard Grieg Kor si største prioritering er å bidra til felles utvikling av kormiljøet i Hordaland og skapa prosjekter for og med barn og unge. Gjennom turneen «Magiske Songar» blir tusener av skolebarn kjent med a-cappella sang, og «Møt koret»-prosjektet gir amatørkor rundt om i Hordaland sjansen til å veiledes av, og synge med profesjonelle sangere. Denne prioriteringen setter Edvard Grieg Kor i en særstilling blant profesjonelle ensembler i Norge og på verdensbasis.
 
Eirik Johan Grøtvedt, fødd i Sarpsborg i 1993, begynte å syngja hjå Olav Ruud i 2009. Frå 2011 til 2012 var han elev av Mona Julsrud ved det nasjonale talentutviklingsprogrammet ved Norges musikkhøgskole. Han begynte på bachelorutdanning ved Barratt Due musikkinstitutt i 2013, med professor Torgun Birkeland som lærar, og fullførte studiet våren 2017.
Grøtvedt har deltatt i kurs og meisterklassar med blant andre Helene Ziebarth, Johannes Weisser og Susanna Eken. Han har vore solist med Østfold symfoniorkester, Det norske blåseensemble og Barratt Dues kammerorkester. Under Oslo operafestival 2016 song han rollen som Carl Berner, i verdspremieren på operaen «Karlstad 1905» av Kjell Habbestad. I februar 2017 song han rollen som Don Ottavio ved Operahøgskolens oppsetjing av «Don Giovanni» på Den norske opera.
I 2017 vart han tatt inn på det prestisjefylte diplomstudiet ved Norges musikkhøgskole, der han vil ta til i haust.
 
Eirik Haug Stømner, fødd i Halden i 1993, begynte å spela piano då han var ni år gammal, hjå dei lokale pianolærarane Elisabeth Giske og Per Anders Hegre. Frå 2009 til 2012 var han elev ved talentutviklingsprogrammet ved Norges musikkhøgskole, der han også fullførte bachelorutdanninga i 2016. Han er nå diplomstudent ved høgskolen, som elev av Einar Henning Smebye og Marianna Shirinyan.
Eirik vann førstepris i Ungdommens musikkmeisterskap i 2011, og har også vunne Einar Steen-Nøklebergs talentpris, Halden Arbeiderblads sang- og musikkpris, og Liszt-prisen under Busoni Piano Festival 2016 i Bolzano, Italia. Han har deltatt på meisterklassar med alle de leiande norske pianistane, blant andre Håvard Gimse, Einar Steen-Nøkleberg, Jiří Hlinka, Jens Harald Bratlie og Håkon Austbø.
Stømner har vore solist med Ukrainas nasjonale symfoniorkester, Det norske blåseensemble, Oslo symfoniorkester og Østfold symfoniorkester, og han har gitt konsertar i Sverige, Nederland, Ukraina, Kroatia, England og Italia. Han har medverka ved ei rekkje nasjonale musikkfestivalar, blant anna Mozartfestivalen i Østfold, Kammermusikkfestivalen i Stavanger og Nordlysfestivalen i Tromsø, i tillegg til Hvar International Music Festival (Kroatia) og Oxford Lieder Festival.
Han er også ein erfaren kammermusikar og Lied-akkompagnatør, og har samarbeidd med fleire av Noregs leiande utøvarar, som songarane Trond Halstein Moe og Ann-Helen Moen, fiolinisten Atle Sponberg og dirigentane Bjarte Engeset, Arvid Engegård og Alf Årdal.
 
Billettar
Førehandskjøp: 100,-
Pubkvelden: 125,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 

Lørdag, august 26, 2017 - 21:00