Lokal | 12. okt. 2017

Opna butikk i heimbygda

Stian og Charmelyn Larsen satsar med asiatisk mat på Osøyro.

Opna butikk i heimbygda
Stian og Charmelyn Larsen opna i dag butikken Asiatisk Mat Osøyro i rådhuskvartalet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. okt. 2017 12:18

Bildeserie:

Godt utval av ris, pasta og nudler (foto: AH)
Godt utval av ris, pasta og nudler (foto: AH)
Økologisk mel er av dei populære varene (foto: AH)
Økologisk mel er av dei populære varene (foto: AH)
Det er òg ulike varianter av sylta produkter (foto: AH)
Det er òg ulike varianter av sylta produkter (foto: AH)
1 av 3
Godt utval av ris, pasta og nudler (foto: AH)
Økologisk mel er av dei populære varene (foto: AH)
Det er òg ulike varianter av sylta produkter (foto: AH)

Torsdag morgon opna Asiatisk Mat Osøyro i lokala kor leikebutikken tidlegare låg etter ei lang natt for eigarane Stian og Charmelyn Larsen frå Lysefjorden.

– Vi driv allereie ein butikk i Førde og køyrde med kjølevarer derfrå i går kveld klokka ti. Først klokka seks i dag tidleg var vi ferdige med å få varene på plass, så då var det eit par timers svevn før vi opna klokka ti i dag, fortel dei to.

Tenkt på det lenge

Ekteparet Stian og Charmelyn har lenge tenkt på å starta asiatisk matbutikk på Os.

– Første gang var i 2012, men då starta dei på Flåten, så vi slo det frå oss. Når vi så kom over dette lokalet tidleg i haust, så visste vi at vi måtte gjera det, sjølv om det nettopp hadde opna ein nesten tilsvarande butikk rundt hjørnet. No rettar han seg meir mot midtausten enn det vi gjer, så eg trur det skal vera plass til oss begge.

– Dei tre siste åra har vi drive tilsvarande butikk i Førde, noko vi kjem til å helde fram med, så vi visste litt kva vi gjekk til. Fordelen er jo at vi allereie har leverandørar og kreditter på plass. Butikken her på Os blir formelt sett ei avdeling av butikken i Førde, forklarar Stian.

Økologisk, glutenfritt og eksotisk

Dei definerer sjølv butikken som ein asiatisk matbutikk med helsekost.

– Vi har eit godt utval av både glutenfri og økologiske varer, i tillegg til ei rekkje asiatiske varer. Blant anna er vi i ferd med å laga ei eiga sushi-avdeling, kor du skal finna alt du treng for å laga din eigen sushi, utanom fisken. Den må du få frå andre plasser.

Spent på kva osingane vil ha

Sjølv om dei har drive med det same i Førde, så er det ikkje sikre på at det er dei same varene som det vil gå mykje av på Os.

– Nokre varer vil nok selgje bra begge plassane, men vi reknar med at nokre av varene som vi har tatt med frå Førde ikkje vil treffe like bra her nede. Så vil det nok også sikkert vera varer som vi ikkje sel noko særleg av i Førde, som vil gå bra her nede. Det får vi berre finna ut av etterkvart.

Aust-europeiske favorittar

Det er ikkje berre mot den asiatiske marknaden dei retter seg.

– Vi har eit ganske stort utval av ulike typer sylta varer, som agurk, kål og liknande. Det er varer vi veit er mykje brukt i det aust-europeiske kjøkenet, så vi håper jo at vi kan trekke til oss eindel i den kundegruppa.

– Ein ting vi har hatt litt etterspørsel etter er halal kjøtt, men det har vi førebels ikkje tatt inn. Det er eindel styr å få tak i det, så etterspurnaden må nok bli litt større først.

Ikkje take-away

I butikken i Førde, har dei i tillegg til vanleg sal også matproduksjon og take-away.

– Det lot seg ikkje gjera her nede. Ventilasjonsanlegget er felles med kontora på rådhuset, så då hadde det nok lukta mat i heile huset. Skulle vi har gjort det, så måtte vi ha bygd om. Det løftet valde vi å ikkje ta no, avsluttar Stian Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.