Næringsliv | 06. apr. 2018

Opna motebutikk for heile familien

Dame, herre, nyfødd og ungdom - Link Brands våga ikkje å annonsera, men hadde kø utanfor døra då dei opna i dag.

Opna motebutikk for heile familien
Erik B. Rosedahl har innreidd butikken sjølv og jobba natt til opningsdagen fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. apr. 2018 11:51

Bildeserie:

Marielle Kallekleiv (t.v.) og butikksjef Christine Kleppe. (Foto: KVB)
Marielle Kallekleiv (t.v.) og butikksjef Christine Kleppe. (Foto: KVB)
Link Brands har lokalet som Zeller hadde sidan 1999. (Foto: KVB)
Link Brands har lokalet som Zeller hadde sidan 1999. (Foto: KVB)
Link Brands har klede for nyfødde ... (Foto: KVB)
Link Brands har klede for nyfødde ... (Foto: KVB)
... og born. (Foto: KVB)
... og born. (Foto: KVB)
Også ungdomsklede har han fått plass til. (Foto: KVB)
Også ungdomsklede har han fått plass til. (Foto: KVB)
Butikken er over 250 kvm stor. (Foto: KVB)
Butikken er over 250 kvm stor. (Foto: KVB)
Herreavdelinga. (Foto: KVB)
Herreavdelinga. (Foto: KVB)
Del av dameavdelinga. (Foto: KVB)
Del av dameavdelinga. (Foto: KVB)
1 av 8

I starten på mars fortalte Erik Rosendahl at han vil opna ny motebutikk på AMFI Os.

Frå før har han tre butikkar, blant anna Stadion Sport på same senter og motekledebutikken Blaze i Arna. Blaze skiftar namn til Link i samband med opninga på Os i dag.

– Det har vore veldig mykje jobb. Lokalet var modent for endringar, men eg ville gjera alt sjølv, seier den driftige gründeren.

Hadde kø før opning

258 kvadratmeter er pussa opp med nytt golv, nymalt tak og nybygd innreiing.

– Resultatet blei betre enn venta. Eg er nøgd sjølv og vi har hatt ein veldig fin opningsdag så langt, seier Erik.

Han har jobba gjennom natta og hadde sikta seg inn på ein mjuk start.

– Vi fortalte på Instagram at vi opna, og Amfisenteret annonserte det på Facebook. Vi gjorde ikkje meir ut av det, då det var ein hektisk innspurt og vi førebels ikkje har så stor bemanning.

Seks nye arbeidsplassar

Sjølv adminstrerer han fire butikkar, men prioriterer å vera vera operativ i alle, ved sidan av alt kontorarbeidet.

– Det blir alt frå sal til støvsuging. Eg synest det er både viktig og kjekt å vera ute i butikken.

Butikksjef på Link Brands i AMFI Os er Erik sin sambuar, Christine Kleppe. Kleppe har jobba på Blaze i Arna før ho kom til Stadion Sport og vidare opp ein etasje til ny butikk.

Link Brands har moteplagg for damer og herrar, baby, born og ungdom, men ryddig sortert i den nyinnreidde butikken. Utvalet skal aukast noko - varene frå Tommy Hilfiger er førebels ikkje på plass.

– Vi har fått seks tilsette i butikken. Då vi ikkje heilt fann den rette til 80 prosent stilling som assisterande butikksjef, har vi andre steppa opp litt. No i starten er vi litt få, men vi vil tilsetja fleire.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.