Opna Ulvenvegen
E39 Svegatjørn-Rådal • Ordførar Marie Bruarøy fekk æra av å opne den første vegen på det nye anlegget.
Bildeserie:
I november 2015 blei fylkesveg 160 Ulvenvegen stengd for å gje plass til anleggsarbeidene med Skogafjellstunnellen ved Svegatjørn. Etter to og eit halvt års arbeid kunne ordførar Marie Bruarøy tysdag gjenopna fylkesvegen mellom Ulvenparken og Kolskogheiane.
– Fjellsida var så dårleg at natursteinsmuren langs fjellsida måtte byggast både lengre og høgare, fortalde byggeleiar Kari Bremnes frå Statens vegvesen då Midtsiden snakka med ho i byrjinga av mai.
Den nye fylkesvegen blir open for trafikk når opningsarrangementet er rydda vekk, truleg ein gong etter klokka 16.30 i ettermiddag.
Ulvenvegen får to gode køyrefelt og eigen gang- og sykkelveg. Midtvegs er det bygd ei rundkøyring.
Blir ny omkøyring på E39
Veidekke vil i løpet av dei neste par vekene gjera klar for ei ny midlertidig omkøyring på E39.
– Entreprenøren skal ferdigstilla nordre del av E39 Halhjemsvegen, mellom rundkøyringa ved Ulvenparken og ned mot der Halhjemsvegen var nærmast Svegatjørn, vis a vis Fløysand-bygget i Industrivegen.
Omkøyringa blir ei kort sløyfe oppom nye Ulvenvegen og på ny nedkøyringsrampe mot E39 under brua frå Industrivegen.
Midtsiden kjem tilbake med meir frå opninga.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.