Bergen Arkitektkontor flyttar inn i same bygget som Interoptikk Bakketeig (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Startar arkitektkontor på Øyro

Selskap frå Bergen satsar i vekstkommunen Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bergen Arkitektkontor avd Os AS blei stifta førre månad. Om ei veke opnar dei kontor i Bakketeig-huset i Øyro 17.

– Nyetableringa heng tett saman med tettstadutviklinga og framtidsvisjonane i området, skriv arkitektkontoret i ei pressemelding.

Frå Øyro ønskjer dei å bidra til ei positiv vidareutvikling av Os som regionssenter ved å ta del i små og store regulerings- og utbyggingsprosjekt.

– Bergen Arkitektkontor har ei auke i mengda kundar og samarbeidspartnarar i området. Det nye kontoret skal skapa ein tettare kontakt med dei lokale aktørane.

Bergen Arkitektkontor har frå før hatt fleire oppdrag i Os. Eit pågåande arbeid er detaljregulering av Jordmorsvingennord for Os sentrum.

Moglegstudie er nyleg avslutta og prosjektet legg opp til ei utbygging som kombinerer nytt næringsareal med fleire nye bustadar.

Bergen Arkitektkontor AS har ifølgje eigne heimesider sju tilsette; fire arkitektar, to ingeniørar og ein økonom.