Arbeidet med Gåsakilen på Søfteland er i gang. Ottar Randa fotograferer til eige arkiv. (Foto: Ørjan Håland)

Opnar nytt terreng på Søfteland

Arbeidet med 22 einebustadtomter i Gåsakilen er i gang.

image
image
image
image
Av: Ørjan Håland

Direktør for Os Bygg og Eigedom AS, Ottar Randa, var i førre veke på befaring til Gåsakilen-området på Søfteland.

Her skal 22 eneboligtomter, ei tomt for tomannsbustad og to utbyggingsområde gjerast klare for sal.

– Det er godt å sjå at arbeidet er i gang. Får vi ein normal vinter med temperaturar som det har vore dei siste åra vil vi vera klare for å starta salet til påske 2018, seier Randa.

OBEAS ønskjer at kjøparane sjølv skal kunna bestemma hustype.

– Vi vil klargjera veg, strukturn i landskapen og legga vatn og avløp til kvar tomt. Når det kjem til kva kjøparen vil bygga på tomta blir det ingen spesielle føringar utover vanlege regulative avgrensingar.

233 dekar til neste generasjon

Vest for Postvegen finn vi eit større område som grensar til Vindalsvatnet. Her eig OBEAS eit område på 233 dekar til vidare utbygging.

– Dette er eit tilsvarande område som Gåsakilen, med flott vegetasjon og lite trafikk. Postvegen skiljer desse to områda og skaper ei flott gjennomgåande nerve.

– Men vi tenkjer at dette området vest for Gåsakilen er mest tiltenkt dei neste generasjonane som kjem, fortel Ottar.

Nytt kryss

Grunna utbyggjing på Gåsakilen vil det etterkvart skje endringar med hovudvegen, E39, som går forbi.

– Det skal byggast eit nytt kryss her som den langstrekte svingen går. Det blir ei enklare og meir ryddig løysing for dei som skal inn og ut av området.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.