Lokal | 24. feb. 2017

Opner grusbanen for parkering

Frå laurdag og ein månad framover blir det mogleg å langtidsparkera på grusbanen ved ungdomsskulen.

Opner grusbanen for parkering
Grusbanen blir, som før jul, opna for parkering
Andris Hamrefredag 24. feb. 2017 13:17

Bildeserie:

Parkeringskart Os sentrum
Parkeringskart Os sentrum
1 av 1
Parkeringskart Os sentrum

I eit informasjonsskriv til medlemmane og dei næringsdrivande i Os sentrum fortel nytilsett sentrumsleiar William Lindborg at det vil bli opna for 8 timars parkering på grusbanen mellom Os kyrkje og ungdomsskulen.

– Då ulike delar av sentrum blir råka av grave og bygningsarbeid i samband med opprustinga av bydraget, har Os ungdomskule og Jadakameratene IL gjeve løyve til å nytta grusbanen til parkering frå veke 9 til og med veke 12, skriv Lindborg i meldinga.

La kundane få korttidsplassane

Han oppmodar samstudes dei som har arbeidsplassen sin i sentrum om å nytta langtidsparkeringa og ikkje korttidsparkeringane berekna på kundar og besøkande.

– Fleire melder at det er mange av dei som arbeider i sentrum som nyttar kortidsparkeringane gjennom heile arbeidsdagen. Vi som har Os sentrum som arbeidsplass, må gå i oss sjølve og bruka dei langtidsparkeringane som finst. Dette for å gjera det enkelt for dei som er kundar og brukarar av sentrum.

Dette er langtidsplassane

Os kommune sine gratis 8-timars parkeringsplassar er:

  • Ved Vognhallen
  • Os barneskule (mellom Giskavollen og Byvegen)
  • Landboden (ved Kløvertun og svømmehallen)
  • Esso (mot Hatvikvegen)
  • Grusbanen (fra 25.02.17 – 26.03.17)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.