Kultur | 07. apr. 2017

Opning og omvisning i Hvelvet

Laurdag opner Aage Langhelle utstilling i Oseana og tek deg sjølv med på ei omvisning gjennom kunstverka.

Opning og omvisning i Hvelvet
Aage Langhelle monterer utstillinga i Hvelvet i Oseana (privat foto)
Andris Hamrefredag 07. apr. 2017 07:32

Sjølv om utgangspunktet i mange år har vore fotografi for Aage Langhelle er ikkje fotokunst det første du tenkjer når du ser dei totalt 64 maleriske bileta i utstillinga «Uncertain Traces - Comments on Mapping in-between Order and Randomness».

– Eg er vel ein typisk eksperimentell kunstnar. I mange år har eg jobba nærmast sosialantropologisk med mine fotografier. Samstundes som eg har vore interessert i dei store strukturane, kartlegging, byplanlegging og i dei seinare åra, kartlegging av kloden via google maps, har eg utforska politiske og kvardagslege brot inne i dei dominerande strukturane. Til dømes private initiativ i bybilete, som fuglekasse eller møblar satt ut på gata og slik gir moglegheit for eit nytt sosialt rom. Dei seinare åra har eg byrja å male over og bearbeide fotografia på andre måtar, noko som har resultert i eit meir abstrakt uttrykk, forklarar Langhelle.

– Du seier du er ein eksperimentell kunstnar, kva er det som er eksperimentelt med desse abstrakte arbeida?

– På mange måtar stiller eg her ut ein prosess, og kva som blir resultatet, eller om det i det heile tatt blir eit resultat til å leva med, kan ikkje forutsjåast. Utstillingstittelen seier noko om både prosess og resultat; ein usikker kartlegging, orden og tilfeldigheit, og mine arbeider som kommentar til dette. Arbeidsprosessen inneheld alle desse elementa, og bileta blir skapt mellom det som oppstår tilfeldig, til dømes det rennande blekket som brer seg over rutenettet på fotopapiret og mine handbevegelsar som kan vera meir viljestyrt.

– Når bilete er ferdig går på intuisjon og den klassiske kunnskapen eg har om bildekunst. Når eg ser og kjenner at form og innhold i bilete fungerar, så er det ferdig nok til at det kan stillast ut. Eg jobbar nok akademisk i fasen med planlegging og utforsking, men når det gjeld sjølve arbeidet med bileta, er det magefølelsen som gjeld, avsluttar kunstnaren som 14.30 laurdag vil fortelja meir om bileta i Hvelvet på Oseana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.