Lokal | 21. jan. 2015

Oppklarer meir enn før

Os lensmannskontor oppklarer nær 10 prosent fleire saker enn snittet i Hordaland politidistrikt.

Oppklarer meir enn før
Politiførstebetjent Rune Fimreite, politioverbetjent Audun Hadler-Olsen og lensmann Oddbjørn Dyrdal (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. jan. 2015 21:17

46,3 % av sakene som blir etterforska ved Os lensmannskontor blir oppklarte. Tilsvarande gjennomsnittstal for landet er 39 %, medan Hordaland politidistrikt hadde i 2014 ein oppklaringsprosent på 37,1 %.

– Dette er den høgaste oppklaringsprosenten vi har hatt på mange år.

– I fjor var tilsvarande tal 39,9, fortel politioverbetjent og etterforskingleiar Audun Hadler-Olsen.

Totalt har lensmannskontoret registert 687 brotsverk og 354 «forseelser» i 2014. Tilsvarande tal for 2013 var 651 og 384.

Patruljen har vore ute på vel 3000 oppdrag i løpet av det siste året.

God lokal kunnskap viktig

Saman med lensmann Oddbjørn Dyrdal og politiførstebetjent Rune Fimreite presenterte politioverbetjenten tala onsdag.

– Det kan vera mange årsakssamanhenger til at oppklaringsprosenten har auka så mykje.

– Men eg meiner at den lokale kunnskapen vi sit på er viktig. Ikkje berre den geografiske kunnskapen, men òg det at vi kjenner klientellet og kva som rører seg i bygda.

– Det at betjentane på kontoret er kjente gjer nok òg at det er lettare for publikum å ta kontakt, seier Dyrdal.

Dyktige folk

Lensmannen trur òg at måten dei har organisert seg på internt også kan vera ein del av forklaringa.

– Dei tilsette gjer mykje godt arbeid. Dei er dyktige, noko det at vi fleire gongar har blitt beden om å bistå med kompetanse i saker andre stadar i distriktet.

Fokus gav resultat

To område hadde ekstra fokus i 2014, saker knytt til narkotika og straksetterforsking av saker ein er ute på.

– På narkotikaområdet har vi særleg vore merksame på unge brukarar, foreldre som rusar seg og på omsetnad-leddet.

– Vi har i 2014 registrert 195 saker mot 95 i 2013. Mange av disse er knytt til gjengangarar.

– Det auka fokuset har fått ringverknadar. Ei sak som starta som ein rein narkotikasak har gjerne òg blitt ein vinningsak, fordi vi har funne gods som har stamma frå tjuveri eller nasking.

Notér serienummer og kjenneteikn

Dei tre lokale politi-toppane skryt av samarbeidet med kommunen, næringslivet og publikum.

– Skal vi saman skapa eit trygt Os, så lyt vi samarbeida. Vi opplever eit kjempegodt samarbeid med spesielt utelivsnæringa og kommunen. I tillegg er det viktig at folk er observante og melder frå når dei ser noko dei reagerar på.

– Framleis kan nok alle bli endå flinkare til å sikra eigedelane sine. Skriv ned serienummer og særlege kjenneteikn på verdigjenstandar. Det vil hjelpa oss mykje i samband med etterforsking av vinningssaker.

– Har vi rammenummeret på ein sykkel i staden for ei skildring som seier at den var raud med 21 gir, så er det lettare å finna den. Om vi ikkje kan bevisa at gods vi kjem over er stole, så må vi likevel levera det tilbake til den vi fann det hos, påpeiker Fimreite.

2014-statistikken, i korte trekk

Tal for 2013 i parentes.

Brotsverk - 687 (651)
Forseelser - 354 (384)
Narkotika - 139 (95)
Lekamsfornærming - 37 (29)
Lekamsskading - 5 (1)
Trafikk - 203 meldt

Sivilrett - utleggsaker - 1234

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.