Lokal | 20. juni 2016

Opprettheld gründer-satsing

Business Region Bergen (BRB) blir lagt ned, men fylket og kommunane opprettheld Etablerersenteret i regi av fylkeskommunen.

Opprettheld gründer-satsing
Formannskapet fekk måndag formiddag ei orientering omkring nedlegginga av BRB (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. juni 2016 11:33

Som følgje av det politiske skiftet i Bergen kommune har kommunen kome fram til at dei ikkje lengre ønskjer å vera medeigar i Business Region Bergen AS, der dei har vore den største eigaren. BRB har vore eit samarbeid mellom kommunane i bergensregionen og Hordaland Fylkeskommune.

– Bergen har bestemt seg for å trekka ut sine ressurser av samarbeidet. Vi er ein av medeigarane i BRB AS og har lagt mykje av vårt arbeid på næringssida, fram til vi tilsatte Daniel Skotheim som næringsdirektør, dit.

– Når Bergen no trekk seg ut, så er det ikkje lenger grunnlag for å driva selskapet vidare, forklarte ordførar Terje Søviknes (Frp) på formannskapet måndag.

Held fram for gründere

Ein av dei største sukessane i BRB-samarbeidet har vore etablerersenteret kor nyetablerte og gründerar har fått hjelp og støtte. Etablerersenteret har òg tilbydd ulike kurs for nyetablerere.

– Dette var ei av to viktige arbeidsoppgåver ein hadde eit ønskje om å vidareføra frå BRB. Etablerersenteret er foreslegen videreført som ein del av fylkeskommunen sitt engasjement, men som eit spleiselag mellom kommunane og fylket, fortalde Søviknes.

Blir billigare

Det andre ein ønskjer å vidareføra er «Invest in Region Bergen» kor ei freister å henta inn større aktører for ei etablering i Bergensregionen.

– Tanken der er også eit spleiseslag, men utanfor fylkeskommunen sin organisasjon. Vi vil få opp ei sak til hausten som beskriv dette nærare.

For å sikra å behalde nøkkelpersonell som i dag jobbar i BRB har fylkestinget gjeve fylkesrådmannen ei fullmakt til å etablera ein ny organisasjon.

– Det skal vera eit eigarstyremøte den 24. juni som skal sjå nærare på dette. For Os kommune betyr det truleg at vi går frå å gje eit tilskot på 10 kroner per innbyggjar til BRB til å gje 7 kroner per innbyggjar i den nye organisasjonen, forklarte Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.