Sport | 29. okt. 2016

Opprykk til Os 3!

Nyoppretta Os 3 gjorde jobben sin samtidig som lokaloppgjeret på Askøy gjekk Os sin veg.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. okt. 2016 13:42

Bildeserie:

1 av 2

Os 3 slo Lyngbø 3 6-3 på bortebane i serieavsluttinga i dag.

Samtidig var dei avhengige av at Follese 2 ikkje fekk meir enn eitt poeng, og i lokaloppgjeret Follese 2 - Vestsiden Askøy 2 blei det to raude kort og 2-3-siger til Vestsiden.

– No er det god stemning her, det kan eg berre seia deg, fortel Tore Kleppe, ein av trenarane til Os 3.

Hovudtrenar Rune Balland gler seg stort på vegne av gutane.

– Eg hadde mange av desse spelarane tidlegare, då eg hadde junior 1 og Os 2, og dei er ein dyktig og sprudlande gjeng.

Spennande bortekamp med oppdatering frå Askøy

Mens Os 3 trengte siger måtte Follese 2 maks ta eitt poeng. På Askøy sto tidlegare sportsleg leiar i Os Fotball, Roald Stigen.

– Det blei som venta eit skikkeleg lokaloppgjer mellom Follese og Vestsiden, med mykje kriging og to utvisingar. Men Vestsiden vann fortent og det var kjekt for denne fine Os-gjengen, synest Stigen, som heldt trenarteamet oppdatert.

Det sto både 1-1 og 2-2 mellom Lyngbø 3 og Os 3. På 4-2-leiing til Os reduserte vertane til 4-3.

Jubel på begge lag

– Han som skåra 4-3-målet for Lyngbø hadde visst ikkje skåra på 27 år, så han jubla nesten meir enn vi gjorde, seier Balland og ler.

Os gjekk vidare opp i 5-3 og 6-3, som blei sluttresultatet.

Balland trekk fra Øystein Takle Eide og midtstoppar Morten Havsgård som spesielt sterke i dagens avgjerande kamp.

Lyngbø 3 - Os 3 3-6 (2-4)
Os: Adrian E. Walle, Alexander S. Nordvik, Axel Moe Haugland, Baste Træen, Bjarte Halhjem, Erik Kleppe, Isak Røen, Joakim Aasen, Jøran Helland, Kristian Håvardstun, Lars Erik Lunde, Lasse Styrvoll, Morten Havsgård, Phillip Moe Haugland, Sindre Hjelle, Erlend Sørås Storebø, Øystein Takle Eide.

MÅL
0-1 Phillip Moe Haugland
1-2 Phillip Moe Haugland
2-3 Baste Træen
2-4 Kristian Vivås Håvardstun
3-5 Øystein Takle Eide
3-6 Baste Træen

Træen si 3-6-skåring var Os 3 sitt mål nummer 100 denne sesongen!

På 20 kampar står avdelingsvinnaren med 14-2-4 og 100-34 (+66) i mål.

SJÅ TABELL

– Det var litt overgang å gå frå spelarar som strekk seg etter A-laget til talentfull ungdom som heller speler meir på gøy. Men når dei først har vore på trening så har dei raskt kome i modus, og då dei no ville opp i 6. divisjon er det kjekt at dei klarte det.

– Det ligg an til minst éin opprykksfest, og festen starta allereie med sprudlevatn i garderoben her, seier Rune.

Vil slå Bjarg i Lagunen Fotballfestival

Neste runde for Os 3 blir Lagunen Fotballfestival.

– Det er berre fem lag påmeldt i klassen, eit par 7. divisjonslag og Bjarg sitt unge 3. divisjonslag.

– Målet er naturlegvis å slå Bjarg, seier Tore Kleppe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.