Sport | 02. okt. 2017

– Opprykket blei meir stas enn eg hadde trudd

Vegard Leikvoll Moberg er takksam og rørt etter jubeldagen på Aspmyra.

– Opprykket blei meir stas enn eg hadde trudd
Champagnekorkane spratt vilt i garderoben etter opprykkskampen. Vegard bak i midten. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. okt. 2017 20:03

Søndag, fire rundar før slutt, sikra Bodø/Glimt comebacket i Eliteserien med 4-1-siger over Florø. Osingen Vegard Leikvoll Moberg skåra 2-0-målet.

– Det var målet frå start og vi segla fort opp som serieleiar. Men sjølv om det har lagt ei stund i korta at vi ville klara det, var det overraskande stort å sikra opprykket framfor sesongrekord på tribunen (3.014). Eg blei rett og slett rørt, seier Vegard til Midtsiden.

– Det var òg veldig kjekt med den siste skåringa vår. Brede Mathias Moe har vore vekke eit år, og kom innpå og skåra på overtid. Det var kjekt for han og ein fantastisk slutt på opprykkskampen.

Vegard har rykt opp til 2. divisjon med Os og til 1. divisjon med Åsane, i går blei det til Eliteserien med Bodø/Glimt.

– Eg hadde gåsehud på heile kroppen dei siste minutta, stemninga var enorm. Det var fyrverkeri etter kamp og det blei skåla i champagne i garderoben før bankett og tur på by'n. Dette blei eit minne for livet.

Viktig spelar for opprykkslaget

Leikvoll Moberg har kontrakt ut 2019 og ser no fram til å spela på øvste nivå. Bortsett frå serieopninga, då han hadde ein infeksjon i tommelen, og ein kamp karantene, har han spelt alle årets seriekampar.

Det har blitt 8 mål og 5 assist før opprykket var i boks.

– No er eg veldig takksam for at Kjetil Knutsen var så ivrig etter å få meg opp her, og for all tilliten eg har fått. Etter eit opphald i Sogndal som ikkje gjekk fullt så bra som eg hadde håpa på, er det godt å kjenna at eg kan gjera nytte for meg i toppfotballen.

Tøft å vera favoritt

Bodø/Glimt hamna på 13. og 9. plass i Eliteserien i 2014 og 2015. I fjor blei det 15. plass og nedrykk.

Målsetjinga var klar; Bodø/Glimt skulle opp igjen.

– Sjølv om vi har gjort det bra frå starten av sesongen har kvar kamp vore like spennande å gå til. Du får eit press på deg når det er venta at du skal rykka opp, samtidig er dei fleste laga gira på å slå serieleiaren.

– I år har eg lærd ein del om kor tøft det kan vera å bli sett på som favoritt, eit press mange andre spelarar lever med på ulike lag som er venta å vinna det meste.

• På glimt.no kan du sjå 128 bilde frå opprykkskampen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.