Sport | 09. okt. 2014

Opprykksdrama og protestar

Laurdag kjempar både Søre Neset og Søfteland, på heimebane, om opprykk til 5. divisjon. Men ikkje alt blir avgjort på banen.

Opprykksdrama og protestar
Frå lokaloppgjeret mellom Søfteland og Søre Neset i vår. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. okt. 2014 20:40

Laurdag blir siste serierunde i 6. divisjon spelt.

Søre Neset på 2. plass tar imot Ny-Krohnborg 2, Søfteland på 3. plass speler heime mot serieleiar Sædalen.

Serievinnar rykker direkte opp, laget på 2. plass speler kvalifisering om opprykk mot andre avdelingstoarar.

Alle kampane startar klokka 12 laurdag, men når kampane er over er det neppe mykje jubel hos vinnarane. Årsaka er at det er levert protestar som påverkar tre av dei fire øvste laga, protestar som ikkje er ferdigbehandla.

Kan få og mista tre poeng

Søfteland spelte borte mot Øystese 2 i september og tapte 3-2. I etterkant har dei levert protest då dei meiner at Øystese har brukt tre spelarar som starta førre A-kamp i 3. divisjon.

I etterkant har Søre Neset levert klage på Søfteland. Søre Neset meiner Søfteland brukte to spelarar som burde ha sona karantene i lokaloppgjeret.

– Ifølgje mine data hadde vi ingen med som skulle ha sona. Eg synest uansett det er synd at ikkje kretsen har behandla begge klagane før siste runde, dei må jo uansett ha dette klart rett over helga, når dei skal laga oppsettet for kvalifiseringsrundane, seier Søfteland-trenar Raymond Pedersen.

Søre Neset sin klage blei først avvist, men er anka.

– Dei meiner klagen kom for seint inn, men vi fekk den inn så snart vi fekk tak i dei på kretsen, og det kan ta tid, seier Søre Neset-trenar Kenneth Svenningsen.

Med og utan toppskårar

Svenningsen fryktar ikkje det at Ny-Krohnborg, som Søre Neset slo 5-1 på bortebane, spelte 3-3 mot Søfteland i førre runde.

– Eg fryktar heller det at vi ikkje skal spela på vårt beste. Vi har vist tidlegare denne sesongen at vi kan tapa for dårlegare lag.

Søre Neset stiller blant anna med Alexander Thuen, som la opp i sommar, men som var med i førre runde og skåra to mål då Søre Neset slo Samnanger 4-0.

Søfteland, som fekk nei då dei prøvde å invitera Sædalen til å spela på ein større bane på Kuventræ, håper på siger over serieleiaren, som dei tapte 5-2 for borte.

– Dei er god på dødballar og speler best på liten bane. Vi har ein liten bane sjølv, men har ikkje noko spesiell heimefordel.

– Vi må også klara oss utan toppskårar Kenneth Veastad, men vi har heldigvis fleire som kan skåra mål, seier Pedersen.

Tabelltoppen før 18. og siste serierunde:
1. Sædalen: 38 poeng, 49 i måldifferanse
2. Søre Neset/Nore Neset 1: 36 poeng, 38 i måldifferanse
3. Søfteland: 36 poeng, 21 i måldifferanse
4. Øystese 2: 34 poeng, 36 i måldifferanse

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.