Sport | 14. okt. 2017

Opprykksdraumen lever

Både Lysekloster og Brattvåg vann. Dermed blir det seriefinale neste helg.

Opprykksdraumen lever
Kasper Hjørngaard løp rett til trenar Ruben Hetlevik etter å ha skåra 2-1-målet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 14. okt. 2017 15:47

Bildeserie:

Etter berre fire minutt redda Sotra på streken (foto: Andris Hamre)
Etter berre fire minutt redda Sotra på streken (foto: Andris Hamre)
Stian Dyngeland lobba inn 1-1 (foto: Andris Hamre)
Stian Dyngeland lobba inn 1-1 (foto: Andris Hamre)
Kasper Hjørngaard heada inn 2-1 (foto: Andris Hamre)
Kasper Hjørngaard heada inn 2-1 (foto: Andris Hamre)
Før Espen Birkeland fastsatte sluttresultatet til 3-1 (foto: Andris Hamre)
Før Espen Birkeland fastsatte sluttresultatet til 3-1 (foto: Andris Hamre)
1 av 4
Etter berre fire minutt redda Sotra på streken (foto: Andris Hamre)
Stian Dyngeland lobba inn 1-1 (foto: Andris Hamre)
Kasper Hjørngaard heada inn 2-1 (foto: Andris Hamre)
Før Espen Birkeland fastsatte sluttresultatet til 3-1 (foto: Andris Hamre)

Lysekloster og Brattvåg låg likt på poeng før dei i dag tok i mot Sotra og Haugesund 2 på kvar si heimebane. Brattvåg hadde små problem med å slå Haugesund 2 og vann heile 8-0. Lysekloster på si side hadde litt større problemer med laget frå Fjell, men i andre omgang lausna det for munkane og dei kunne ta med seg ein solid 3-1 siger i nest siste serierunde.

Lysekloster - Sotra 3-1 (1-1)
Målskårarar Lysekloster: Stian Dyngeland, Kasper Hjørngaard, Espen Birkeland
Lysekloster sitt lag: Kjetil Hansen, Sigve Rørstad, Kasper Hjørngaard, Thorvald Trætteberg, Denis Lubovic (Ken-Joar Føyen, 45 min), Espen Birkeland (Joakim Bjånesøy, 78 min), Joakim Helland, Ole Thomas Herrem, Stian Dyngeland (Håkon Kvittingen, 83 min), Armin Pasagic, Kristoffer Østervold.

Sjå tabellen

Lysekloster starta kampen best og var allereie etter fire minutt frampå, men skotet blei redda på streken. I staden var det gjestane som skulle få det første målet. Då 24 minutt var spelt trilla dei ball i hatt med Lysekloster-forsvaret som ikkje hang med og Kristoffer Stava kunne ta gjestane i føringa.

Berre ti minutt seinare viste Stian Dyngeland silkefoten fram. Frå venstrekanten satte han ein følsom lobb over Sotra sin keeper og i mål i det lengste hjørnet.

– I førsteomgangen er vi misfornøgd med duellspelet og vi sluver med ballen. Det gjer at det blir ein 50/50-omgang, oppsummerer Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Eitt lag på banen

I andre omgang er det tydeleg at Hetlevik har gitt nokre klare meldingar i pausen. Ut kjem eit Lysekloster-lag som går rett i strupen på Sotra og held taket der gjennom heile omgangen.

2-1 kjem etter eit frispark på venstresida. Danske Kasper Hjørngaard ragar høgst på bakre stolpe og headar ballen hardt i mål etter 68 minutt. Berre sju minutt seinare blir kaptein Espen Birkeland spelt igjennom. Aleine med keeper gjer han ingen feil og set ballen i ein kontrollert boge over den utrusande keeperen til 3-1.

– I andre omgangen er det kun Lysekloster det handlar om. Vi vinn alle duellane og ruller opp det eine angrepet etter det andre. Då er det klasseforskjell på laga, meiner Lysekloster-trenaren.

– Deilig

På spørmål kva Hetlevik føler etter kampen er svaret tydeleg.

– Dette var deilig. No blir det ein skikkeleg seriefinale neste helg når vi møter Brann 2. Os spelte så vidt eg forsto 2-2 mot Ålesund, så då må dei truleg ha poeng heime mot Brattvåg.

– Det er skikkeleg gøy at det er ope i begge endar av tabellen. No kan alt skje. Vi får håpe Brattvåg sklir på eit bananskal, avsluttar Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.