Sport | 16. mars 2017

Opprykkstoget gjekk

Os kunne med siger onsdag framleis kjempa om opprykk til 2. divisjon. Det blei dramatisk då dei møtte Viking 2 i Oshallen.

Opprykkstoget gjekk
Osherrane kan sjå langt etter opprykket til 2. divisjon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. mars 2017 07:35

Før den nest siste serierunden låg Os på 3. plass fem poeng bak NHHI, som har vegra seg frå å rykkja opp til 2. divisjon, men berre eitt poeng bak Stryn. Med siger i dei to siste kampane og poengtap for laget frå Nordfjord ville Os ta den gjeve opprykksplassen.

Vi kan berre slå det fast med ein gong, slik blei det ikkje.

Dårleg start

Os kjem dårleg i gang mot eit løpsvillig og kontringssterkt Viking-lag. Etter ti minutt ligg Os bak med fire mål etter å ha gjort ei rekkje tekniske feil framover på banen.

Os får etterkvart litt betre kontroll på ballen og klisteret og jobbar seg sakte, men sikkert opp i ryggen på Viking og ligg berre eitt mål bak når det står 22 minutt på klokka. Avstanden held seg til pause og dei to laga går i garderoben på stillinga 13-14.

Os - Viking 2 27-28 (13-14)

Andreomgangen startar bra for Osherrane. Arne Veim Haugland er i fyr og brenn inn det eine målet etter det andre. Bakerst på banen står Einar Godø bra i Osmålet og held osingane inne i kampen dei gangane Haugland ikkje skårar i andre enden.

Igjen sig bergenslaget frå etter ti minutt reknar nok dei fleste på tribunen at kampen er avgjort når Os ligg under 17-21, og Os-spelarane ser ut som ein gjeng hengehovuder. Men igjen reiser heimelaget seg og kjem ajour når Nils Hamre set inn 27-27 med berre eitt minutt igjen å spele. Viking tar time-out og legg ein slagplan som gjer at dei klarar å setta inn sigersmålet 25 sekund før slutt. Det hjelper heller ikkje at Os får direkte frikast i det tida har gått ut.

– Det er ein rotakamp frå vår side. Vi møter eit fintspelande Viking-lag, men står elendig i forsvar og gjer mykje gale. Det er kanskje like greitt at vi ikkje rykker opp, oppsummerar Ostrenar Kenneth Husebø

Os har att ein seriekamp. Den går på heimebane mot Sotra søndag 26. mars klokka 17.45.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.