Sport | 16. sep. 2014

Opptur i Hardanger

Andreas Søfteland sprang opp til 4. plass i Munketreppene Opp. På 5. og 6. plass kom to treningskameratar.

Opptur i Hardanger
F.v.: Andreas Søfteland (STIL/Opptur), Håvard Austevoll (KIL/Opptur) og Klas Færøvik (Opptur Motbakkeklubb). (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. sep. 2014 06:48

Tre treningskameratar frå Opptur Motbakkeklubb tok laurdag dei seks øvste plassane i årets Munketreppene Opp.

Andreas Søfteland kom på 4. plass (47:33), Håvard Austevoll på 5. (51:22) og Klas Færøvik (53:09) på 6. plass.

Andreas, som også er medlem av Søfteland TIL, var med å arrangera Langedalen Opp søndag.

– Sidan eg ikkje fekk løpt i Langedalen var det greit å få seg ein konkurranse laurdag, synest Andreas, som hadde litt svakare tid, men éin plassering betre enn i 2013.

– Formen har vore litt dalande etter Ulriken Opp i mai, så det var godt å sjå at det no har snudd.

5 x Stoltzen

Munketreppene går på både asfalt, sti og i trappetrinn, trinn munkane bygde på 1200-talet.

Mens Stoltzekleiven Opp består av rundt 800 trappetrinn er det 616 trinn mellom start i Lofthus og mål ved fossen Rjukende over fjelltoppen Nosi.

Men Munketreppene Opp har ein høgdeforskjell på 1000 meter, meier enn tre gongar så mykje som Stoltzen, og er 5,5 km langt, mot Stoltzen på rundt 1 km.

– Fantastisk tur

Mens Andreas kom på 4. plass uansett klasse og på 3. plass i klassen M23, vann både Klas (M40) og Håvard (M18) sine aldersklassar.

– Eg har vore litt sjuk i det siste, men gjennomførte og kom på 4. plass i klassen i Xtrem Eidfjord førre helg og fekk ut alt i Hardanger laurdag, seier Klas.

– Munketreppene var veldig variert og trappene kom i ulike lengder og høgder, så du kom aldri skikkeleg inn i rytmen. Men det var nydeleg vêr og eit flott løp, synest Klas, som betra tida si med cirka 2 minutt frå 2013.

May Britt Buer vann kvinneklassen med tida 47:18.

Her er dei tre raskaste i herreklassen:
1. Lars Erik Skjervheim 42:24
2. Erlend Drivenes 44:20
3. Jonny Kibsgard 45:14

Sjå komplett resultatliste her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.