Om E39 frå Stord kjem med bru over fjorden og tunnel til Moberg så er det fleire som må vika. (Flyfoto: KVB)

Ordføraren valsar over barnehagar og oppvekstmiljø med E39

Lesarinnlegg: Barnehagestyraren som må på tomtejakt. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Saka om barnehagestyraren som må på tomtejakt illustrerer godt den leie knipa Os kommune hamnar i når ferjefri E39 brøytar seg veg – bokstavleg talt.

Dei to barnehagane Espira Ulvenvatnet og Espira Kuventræ må flytta dersom ferjefri E39 blir bygt gjennom Osbygda.

Styrar Katharina Søreide er frustrert over at dei må skaffa seg ny tomt – det blir ikkje enkelt i eit allereie pressa sentrumsområde. Ho kallar det dobbeltkommunikasjon når kommunen fortel kor utfordrande det er å finna godt areal til nye barnehagar samstundes som dei sel ei av dei mest sentrale barnehagetomtene (gamle Os barnehage i Mobergshaugane).

Opposisjonen sa nei til tomtesal

Heile opposisjonen var negativ til å selja barnehagetomta i Mobergshaugane. Den nye kommunale barnehagen ved Os gymnas er rett nok sentral, men også først og fremst ein køyrebarnehage. Det finst ingen annan nærbarnehage for dei som bur i sentrum. Det er sterk tverrpolitisk semje om å få fleire til å bu i sjølve sentrum. Blir vi 40.000 innbyggjarar i 2040 – slik FrP/Høgre ønskjer seg –  må vi ha meir offentleg tomteareal sentralt i kommunen.

Nils-Anders Nøttseter har på vegne av MDG Os gjentekne gonger etterlyst informasjon om kva som vil skje langs den nordlege delen av traseen når anleggsarbeidet med ferjefri E39 startar, og ikkje minst når vegen vert tatt i bruk. Svara har vore få. Først nyleg fekk formannskapet – og dermed ålmenta gjennom avisene – kjennskap til trugselen for barnehagane.

Meir omsut for Øyane enn for Moberg?

Saka om barnehagetomtene kan tena som eit godt eksempel på kva som skjer når ein kommune, som alt er tungt pressa på areal, seier entusiastisk ja til ein firefelts motorveg. Rett nok er ordlyden frå dei styrande politikarane blitt annleis no som konsekvensane byrjar å visa seg. "Ein slik veg krev sin plass", kunne ordførar Terje Søviknes opplysa då Nøttseter tok opp temaet i politisk kvarter i formannskapet. Ja, det er nett det han gjer, og det er difor bygda er så skeptisk til prosjektet.

Ordføraren vil ikkje bruka vegvalsen over Øyane, der Frp-veljarane tradisjonelt er mange. Der har han nytta regjeringskontaktane sine for å få miljøtunnel, og vi har sett mange alternative løysingar for sjølve brua, ilandføringa og korleis vegen skal gå fram til Moberg. Men ikkje nokosinne, trass gjentekne førespurnader frå Nøttseter, er det drøfta alternative trasear for Moberg/Kuven/Kolskogen. Berre ein einaste trasé ligg føre, tvers gjennom noko av det beste oppvekst- og friluftsarealet i Os, med barnehagar, skular, sentralidrettsanlegg, fritids- og næringsområde.

Kva har vi att for ferjefri E39?

Sentrale strok i kommunen vert altså jamna med jorda og asfaltert utan at dei to styrande partia har areal til erstatning eller har klart å forklara kva vi har å tena på det. Om vi må flytte to av dei mest barnerike barnehagane ut av eit befolkningstett område, må truleg enno fleire sette seg i bilen for å frakte ungar til og frå. Det er ei utvikling som går heilt andre vegen enn det vi treng.

Vi må arbeide for eit lokalsamfunn der folk kan ferdast trygt i sine nærmiljø for eigen maskin. Kvifor skal ferjefri E39 i det heile gå tvers gjennom bygda vår? Med Svegatjørn-Rådal har vi all den vegen vi skulle trenga når vi framleis må rekna med pendling til Bergen. Strekket Halhjem-Svegatjørn gjev ingen ny verdi til bygda når vi uansett er så tett på Bergen, så argumentet om den frykta bakevja held ikkje vatn.

MDG Os utfordrar igjen Høgre og FrP til å forklara heilt konkret korleis ferjefri E39 skal vega opp for alt det negative vegen vil føra med seg miljømessig, arealmessig og av kostnader for oppvekstområde, bumiljø og natur.

Miljøpartiet Dei Grøne Os

Fleire saker

bilde-midtsiden

Full fres på Kuventræ

27. mai 2017

Bildeserie: Strålande innsats i strålande vêr når Os Friidrett arrangerer Friidrettens dag på Kuventræ laurdag.

bilde-midtsiden

Innbrot og funn av narkotika

27. mai 2017

Politiet gjorde funn under ransaking på dagtid laurdag. Så var dei på undersøking i ein leiligheit i Strøno, der nokon hadde tatt seg inn og stole...

bilde-midtsiden

Nytt styre i Osfest

27. mai 2017

Jan Kristian Rokne, Øyvind Blindheim og Jan Vidar Alnes går inn i styret for Osfest. – Vi vil vera med å byggje festivalen vidare, seier dei tre...

bilde-midtsiden

Vårkonsert med urframføring

27. mai 2017

Kyriake med band framfører ein heilt ny salme av Norvald Johan Kobbeltvedt når dei syng i Nore Neset kyrkje søndag kveld.

bilde-midtsiden

Kos på Os

26. mai 2017

Bildeserie: Vel 300 stilte då Undercover og Os sentrum inviterte til torgfest på Øyro fredag. Det blei ein suksess.

bilde-midtsiden

Tidleg start på årets Friluftsskule

26. mai 2017

Rapellering, padling og tenning av bål - årets Friluftsskule har fokus på padling og sjøliv, og blir arrangert over ein månad tidlegare enn i fjor...

bilde-midtsiden

Mistenkte ruskøyring

26. mai 2017

Ein mann i 40-åra mistenkt for å ha køyrd bil i rusa tilstand i Hagavik torsdag ettermiddag.

bilde-midtsiden

Følte seg bondefanga

26. mai 2017

Politikarane sa ja til oppstart av reguleringsplanen for Hjelle skule, men var ikkje spesielt glade for å ta landbruksarealet.