Ordna ny russebuss på éi natt
The Last Trip, som mista bussen sin i eit flammehav for ei veke sidan, ordna ny dekor på ny buss hos Marete's Garage Art på Os.
Bildeserie:
Det var fredag for ei veke sidan at 27 russ mista bussen sin, verdt rundt to millionar kroner, då den brann opp i Eidvåg.
Den første turen blei den siste for bussen med namnet «The Last Trip».
Men i går gjorde bussen comeback.
Hasteoppdrag på Os
Onsdag fekk Marete Lund Bakke eit hasteoppdrag – og stilte opp gratis.
– Eg hadde nettopp rydda og fann ut at eg hadde mykje restar av vannbasert maling.
– Og eg synest synd på denne gjengen. Eg veit det har krevd mykje av dei å få laga ein fin buss, og så mister dei den på denne måten.
Ved hjelp av sponsorar, private og næringsliv, klarte russegjengen frå Fana å kjøpa seg ny buss i rekordfart.
Men bussen måtte jo dekorerast før avreise til Kongeparken torsdag morgon.
Dekorering i rekordfart
Det gjekk unna då Midtsiden var innom hos Marete rundt midnatt natt til torsdag.
Klokka 20.30 trilla bussen inn i Marete's Garage Art sin garasje hos ARKA i Industrivegen. Klokka 06.30 neste morgon skulle den stå klar.
– Ein proff autralsk graffitikunstnar brukte 20 timar på den førre bussen. No har eg 10 timar på meg.
– Bussen skal likna litt på den førre, men ha nokre nye element òg.
The Last Trip er framleis namnet - no med tilleggstittelen «is back».
– Det var utruleg kjekt at Marete tok oppdraget, på så kort varsel.
– Og vi er kjempenøgd med resultatet, seier Knut Greve Rokne, ein av medlemmane på bussen.
– Eg kom ikkje heilt i mål med alt eg hadde ambisjonar om å få til, det er ein stor buss. Men det var kjekt å sjå kva ein kan rekka på 10 timar, seier Marete etter levering torsdag morgon.
Etter det vi kjenner til kom bussen og russen seg trygt til treffet i Kongeparken.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.