
Medan det var ungdomsklubb innandørs blei det bråk mellom nokre av ungdomane utanfor inngangen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ordna opp i ungdomsbråk
Tysdag i 18.30-tida fekk politiet melding om slåssing og fare for bruk av kniv.
– Patruljen rykte ut og møtte ein gjeng ungdomar i 14 til 16-årsalderen bak brannstasjonen ved ungdomsklubben i Os sentrum, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Frode Kolltveit.
Dei fann ikkje kniv på nokon og ingen var skadd. Éin person blei kjørt heim og det heile ordna seg.
– Glad det løyste seg
Bråket skjedde medan det var klubb i Allaktivitetshuset, men aktivitetsleiarane i klubben oppdaga ikkje konflikten før det var over.
– Det var mykje folk i kveld og ungdomane går ofte inn og ut av lokalet. Brått såg vi at det var få igjen innandørs, men så kom dei inn igjen som om ingenting hadde skjedd, fortel Kjetil O. Grønvigh.
Først då politiet kom inn i klubben skjønte dei at det hadde vore tull utandørs.
– Sånn eg har forstått det så er det nokre av dei faste gjestane som har vore ueinige, og så har minst ein av dei kome med litt for alvorlege ord. Heldigvis var det ein av ungdomane som såg farepotensialet og kontakta politiet, seier Grønvigh.
Klubben heldt fram som vanleg etter episoden.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no