Lokal | 02. okt. 2012

Orienterer om ny Bjånes-plan

Bygging av naturpark, i staden for golfbane og rekkefølgjekrav til gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen blir hovudelementa på folkemøtet om Bjånes tysdag kveld.

Orienterer om ny Bjånes-plan
Bjånes i 2012. I 2015 kan det bli byggestart av det som på sikt kan bli 1000 til 1200 nye hus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. okt. 2012 11:08

I april blei det, etter møte mellom ordførar Terje Søviknes (Frp) og fylkesmann Lars Sponheim, gjort fleire justeringar i planane for framtidig utbygging på Bjånes.

Les òg: Kuttar ut golfbane

No er nye skisser klare og torsdag skal kommunedelplanen for Bjånes inn til ny behandling i plan- og bygningsutvalet. I forkant av behandlinga, på ope folkemøte i kommunestyresalen (klokka 18.30) tysdag ettermiddag, vil kommunen og utbyggarane orientera om den reviderte planen.

– Utbyggarane fekk ei utfordring då dei mista golfbanen, men er veldig innstilte på å forma ein natur- og kulturpark som både tar vare på store delar av den fine naturlandskapen som er der frå før, men også å legga til rette på ein måte som får Bjånes til å bli ein endå finare plass å reisa til, og å busetja seg, seier Ståle Skaatun (H), leiar for plan- og bygningsutvalet og for styringsgruppa som jobbar med denne store kommunedelplanen.

– Ikkje berre nokre gapahukar

Skaatun fortel at naturparken kan få eit godt løypenett av naturstiar av høg kvalitet.

– Som dei som er på Fløyen, i tillegg til fleire avstikkarar av same kvalitet som i Ervikane.

I tillegg kan det koma installasjonar som ungar kan leika på og i, og sitjegrupper, kanskje også under tak.

– Vi skal ikkje berre bygga nokre gapahukar, vi er førebudde på å laga ein naturpark som ikkje berre blir kjekk for dei som bur i Os, men som folk som bur i andre kommunar vil reisa til, seier Roy-Eddy Lie frå Liegruppen AS.

– I den vidare prosessen vil vi vera open for idear og kanskje sjå etter forbildeprosjekt eller ta studieturar til andre parkar. Eg ser også føre meg at vi allereie ved byggestart vil opparbeida delar av parken for trinnvis å bygga vidare.

Krav til gang- og sykkelveg

Rekkefølgjekrav til gang- og sykkelveg er skjerpa, men der er prosessen allereie i gang.

– Det er veldig positivt, seier Skaatun, og fortel at oppstart er meldt.

– Vi håper på at det raskast mogleg blir regulert frå krysset mellom Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen og fram til Klyva, ved avkjørsel til Bjånes. Så får vi sjå kor raskt vi får ein god plass i køen på fylkesnivå, seier Lie.

– Det andre blir finansiering av bygging av gang- og sykkelvegen, og om dei ber om forskottering av delar av denne.

Behandling og oppstart

I planen er det, i tillegg til bustadområde og naturpark, sett av areal til hotell og offentleg formål/privat tenesteyting. Om det kjem nærbutikk, skule eller idrettsplass står igjen å sjå.

– Dette er ein områdeplan, det er litt viktig å forstå. Reguleringsplanar kjem seinare, ein for kvart felt i området, seier Skaatun.

Etter at planen har vore oppe i plan- og bygningsutvalet torsdag denne veka, skal den vidare til kommunestyret tysdag 30. oktober.

Oppstart på Bjånes kan ifølgje Lie tidlegast bli i 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.