Ørjan Håland blei i dag presentert som ny hovudtrenar for Varegg sitt A-lag. Styreleiar Olav Gorseth til høgre. (Privat foto)

Ørjan Håland i ny trenarjobb

Den avtroppa Os-assistenten blir hovudtrenar i 3. divisjon.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ørjan Håland, som etter nokre år som trenar for junior og Os 2, hadde tre år som Hassan El Fakiri sin assistent, blir no hovudtrenar i 3. divisjon.

Håland har i dag signert kontrakt med Varegg.

– Eg var nær med å inngå avtale med ein annan interessant fotballklubb i Bergen, som assistenttrenar, då Varegg tok kontakt. Eg er audmjuk og glad for begge tilboda, og fann jobben som hovudtrenar som mest interessant. Eg fekk eit godt inntrykk av klubben og miljøet, seier Håland.

Administrativ leiar i Varegg, Halfdan Haukeland, seier han har kjent til Håland lenge.

– Då eg såg han på TV-intervju i samband med Os sin kamp mot Lysekloster fekk eg også verkeleg sansen for han som person. I tillegg har vi sjekka referansar og fått eit godt inntrykk.

Vil ligga i toppen

Varegg har gjeve Os tøff motstand fleire gongar, og hamna på 3. plass i 3. divisjon både i fjor og i 2015.

– I 2014 var vi nær nedrykk, men enda på 10. plass. Så var vi tilbake blant dei beste igjen, seier Haukeland.

Han er nøgd med trenarjobben Hiep Tran har gjort dei siste 3,5 åra, og seier det er «no hard feelings» når Tran no går til Fyllingsdalen.

Ambisjonen i skjerpa 3. divisjon etter omlegginga før årets sesong, var å etablera seg i 3. divisjon. Varegg landa på 6. plass.

– Det er vi nøgd med. Vi har ingen voldsam ressursbruk med klar målsetnad om opprykk neste år, men i 2018 er målet litt høgare enn i år, vi ønskjer å vera med og kjempa i toppen.

– Ser fram til å ta fatt på oppgåva

I skrivande stund er Håland i Vestlandshallen og ser Varegg i trening. Den nye heimebanen hans blir no Sandviken.

– Eg har ei veldig god kjensle for dette, eg har sans for energien i klubben, og for ambisjonane deira.

– Samtidig er eg takksam for fem fine år i Os, der eg har lærd mykje, fått UEFA B-kurs og hatt tre gode år i trenarteam med El Fakiri og Brenne.

Håland har signert trenarkontrakt ut 2019. Det er førebels ikkje bestemt kven han får med seg som assistent.