Sport | 31. mars 2015

Os 2 leikte seg med Nest 2

Eit noko A-prega Os 2 hadde god kontroll over 3. divisjonslaget Nest-Sotra 2. Rett over påske tar Os imot Lysekloster 2 til serieopning i 5. divisjon.

Os 2 leikte seg med Nest 2
Her var Anders Havsgård nær på å auka til 5-3 over Nest-Sotra 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mars 2015 08:32

Søndag spelte femtedivisjonslaget Os 2 treningskamp mot Nest-Sotra 2, som skal spela mot Lysekloster i 3. divisjon i år.

Os stilte med fleire frå A-stallen, Nest-Sotra såg ut til å stilla ganske ungt.

– Eg trur vi nærmast møtte eit reint juniorlag, seier Odd Jarle Hjelle.

Os 2 - Nest-Sotra 2 4-2 (2-2)
Målskårarar, Os 2: Christer Olsen, Steffen Ljosheim, Emilis Zilinskas og Mats Lepsøy.

Odd Jarle Hjelle trener Os junior elite, laget som speler senior 5. divisjon. Tidlegare i vinter har dei slått Eikelandsfjorden 4-2, Valestrand Hjellvik 2 5-3 og spelt uavgjort mot Sædalen 2-2.

– Dette var første treningskamp der vi har hatt med oss spelarar frå A-stallen. Det var kjekt å sjå at dei tok oppgåva på alvor og gjorde ein god innsats saman med ungdomen, seier Odd Jarle.

Mot Nest Sotra 2 hadde Os 2 med seg Christer Olsen, Børge Borgen, Emilis Zilinskas, Mats Lepsøy, Aleksander Kinden, Joakim Hovden, Aleksander Lindkvist og keeper Kasper Færøvik. Fleire av desse, som Christer og Børge, spelte berre éin omgang.

– Ungdomen imponerer

1-0 kom ved Christer Olsen, som nettopp er tilbake etter skade i ei tå. 1-1 kom på retur frå straffe etter at Færøvik redda. 2-1 blei sett inn av Steffen Ljosheim.

– Førsteomgang blei litt jamn, i andre omgang var vi overlegen og skapte mykje, meiner Hjelle.

3-2 blei skåra av Emilis Zilinskas på corner av Joakim Hovden, mens Mats Lepsøy skåra då høgreback Peder Lyssand overlappa høgrekant Anders Havsgård og slo 45 gradar ut langs bakken.

– Det var kjekt å sjå at seniorane gjorde ein skikkeleg jobb med andrelaget, at dei var med på å spela juniorane gode. Og vi held fram med å lata oss imponera over fleire av desse juniorane, seier Ørjan Håland.

Assistenten på A-laget såg kampen saman med hovudtrenar Hassan El Fakiri.

Derby i serioeopninga

Søndag 12. april er første serierunde i 5. divisjon og Os 2 startar heime mot Lysekloster 2.

Lysekloster 2 har ikkje vore ei eigen treningsgruppe i vinter, og har soleis ikkje spelt noko treningskamp.

– Vi har rundt 10 spelarar utanfor A-stallen som driv med ulike formar for eigentrening. Rundt halvparten av desse er ungdomar, den andre halvparten er meir rutinerte spelarar som trappar ned, seier Lysekloster-assistent Tore Nielsen.

Resten av spelarane på andrelaget skal koma frå A-stallen.

– Det kjem nok til å variera ein del kva lag vi stiller med, men vi er ganske slagkraftige så sant vi ikkje har skadeproblem i A-stallen.

Terminliste, 5. div avd 1 Hordaland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.