Sport | 13. mars 2013

Os 2 møtte styrka Søre Neset

Laga som kjempa i kvar sin ende av tabellen i 5. divisjon i fjor møttest til treningskamp på Kuventræ i går.

Os 2 møtte styrka Søre Neset
Roar Vestbø, her frå bortekampen i haust, sette inn 1-0 i kampen som enda med 5-2-siger over Søre Neset i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mars 2013 08:59

Sjølv om Os 2 rykte opp og Søre Neset rykte ned var det ikkje to divisjonar mellom dei to laga i fjorårssesongen.

Søre Neset vann 3-2 etter å ha leia 3-0 over Os 2 på Kuventræ i fjor vår. I avgjerande derby på Søre Neset tok dei også leiinga, men då vann Os 2 4-1.

I går spelte dei to laga mot kvarandre i treningskamp på Kuventræ. Også då var det jamt ei stund.

Os 2 - Søre Neset 5-2 (2-1)
Målskårarar, Os 2: Roar Vestbø, Sander Kvittingen, Espen Borgen, Børge Borgen og Erik Kanestrøm.
Målskårarar, Søre Neset: Aleksander Thuen og Remi Lindborg.

Os leia 2-0 etter 15 minutt, før Søre Neset reduserte på noko begge lag sine lagleiarar skildrar som eit fantastisk angrep. Etter fleire raske trekk kom eit strålande innlegg av Remi Lindborg frå høgre kant til ein treffsikker Alexander Thuen framfor Os-målet.

Etter pause var det utlikning ved Remi Lindborg, men Espen og Børge Borgen skåra kvar sine for Os 2 før toppskåraren frå A-laget Erik Kanestrøm, som kom inn i pausen, sette inn 5-2.

– Imponert av begge lag

Ørjan Håland, som har spelt for A-laget til både Os og Søre Neset, og som spelte med Os 2 i fjor, er lagleiar for andrelaget i år.

– Eg har ikkje fokus på resultat, men ville sjå at vi fann stilen frå i fjor, der vi hadde fokus på spelet trass i at vi har mange unge spelarar som får ein litt brå overgang til seniorfotballen, seier Håland.

– Og det klarte vi. Eg er dessutan utruleg imponert over kor ufatteleg god mange av dei unge spelarane er. Os kan få ei utfordring med å få plass til alle desse talenta.

Han nemner Adrian Valle og Aksel Skaar som to av dei han la veldig godt merke til i går.

Håland er også imponert over tidlegare lagkameratar på Søre Neset.

– Os er og skal vera betre trent enn Søre Neset, men dei har veldig mange gode spelarar og når desse kjem i skikkeleg form kan dei rykka opp to divisjonar med det laget dei har no.

– Våre eigne spelarar trener så tungt no at flere av dei låg strake med krampe på slutten av kampen. Vi hadde innbytarar med som vi ikkje hadde tenkt å bruka, men alt måtte innpå, til og med keeper Frode Øvredal måtte ta ei økt på midtbanen, ler Håland.

Styrka stall

Søre Neset har spelt fleire treningskampar i vinter. Dei slo Søfteland 2-0 og Eikelandsfjorden 5-2. Mot Norheimsund, som rykte ned frå 4. divisjon i fjor, blei det 1-3-tap.

– Målet for sesongen er comeback i 5. divisjon, seier Stian Kvåle frå den nye trenartrioen til Søre Neset.

Han er nøgd med eige lag sine prestasjonar mot Os 2 i går.

– Vi hamna raskt bakpå, men la om til 4-3-3 og då kom det seg, synes han.

Søre Neset sin stall har vakse med 8 spelarar; Alexander Thuen, Remy Snilstveit og Kenneth Hufthammer frå Nore Neset, Eirik Skåtøy, Andrew Lukey og Christer Johannessen frå Søfteland, Mounir Aouachria frå Os og Thomas Øvredal frå Lysekloster.

Desse starta for Søre Neset i går: Kjetil Kvåle, Andrew Lukey, Audun Røren, Svein Erik Øvreeide, Espen Halhjem, Øystein Lien, Andreas Pettersen, Mounir Aouachria, Magnus Engevik, Remi Lindborg og Alexander Thuen.
Innbytarar med speletid: Robin Hjertnes, Frank Haugland, Daniel Halhjem, Aron Arnesen og Ørjan Bjørgo.

Os 2 frå start: Martin Tysseland, Adrian Valle, Dani Bergstø, Bjarte Halhjem, Thomas Mjelva, Steffen Ludvigsen, Espen Borgen, Anders Kinden, Sander Kvittingen, Emil Halver og Roar Vestbø.
Innbytarar med speletid: Aksel Skaar, Børge Borgen, John Ole Johannessen, Erik Kanestrøm og Frode Moberg Øvredal.

• Søre Neset startar sesongen (6 div avd 3)med heimekamp mot Nore Neset måndag 15. april (kl 19.30). Sjå terminliste og tabell.

• Os 2 startar sesongen heime mot Nordhordland søndag 14. april kl 16.00. Sjå terminliste og tabell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.