Sport | 24. okt. 2016

Os 3 kan rykka opp

Os 2 og Os 3 slo kvar sine topplag i sesongens siste heimekamp. I 7. div blei begge kapteinane utviste.

Os 3 kan rykka opp
Os 3 leia 2-1 til pause og gjekk opp i 4-1 før topplaget reduserte. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. okt. 2016 07:51

I helga blei nest siste runde spelt i 4., 5. og 7. divisjon.

• Søfteland spelte 4-4 mot Lyngbø 2 og ligg på 3. plass i 5. div. avd. 2, 2 poeng bak 2. plass før siste runde.

• Nore Neset tapte 3-4 for Halsnøy og landar uansett utfall i siste runde på 7. plass i 5. div. avd. 3.

• Os 2, som for lengst har mista sjansen til å halda seg, fekk ei fin avslutning på Kuventræ med 3-1-siger over topplaget Trott. Os 2 har 19 poeng før siste runde, og kjem uansett utfall i serieavsluttinga til å landa på 10. plass av 12 lag i 4. div. avd. 2.

Os 3, som var nyoppretta før sesongen, hadde med seg Øystein Takle Ede og Adrian Valle frå A-stallen då dei tok imot topplaget Follese 2.

Os 3 - Follese 2 4-2 (2-1)
Målskårarar, Os: Lars Erik Lunde 2, Phillip Moe Haugland og Øystein Takle Eide.
Os 3: Erlend Sørås Storebø - Adrian Kallekleiv Valle, Øystein Takle Eide, Mathias Jørgensen Nystad, Axel Johannes Moe Haugland, Baste Træen, Bjarte Halhjem, Erik Kleppe, Isak Røen, Joakim Aasen, Kristian Vivås Håvardstun, Lars Erik Lunde, Lasse Styrvoll, Morten Havsgård, Phillip Moe Haugland og Thomas Kopperud.

På stillinga 4-1 kokte det over for Follese-kapteinen, som tok tak i drakta og sleit Os-kaptein Isak Røen i bakken.

–I diskusjonen som følgte skal Isak ha skubba for å koma seg laus frå eit nytt grep. Dette blei, noko strengt av dommar, sett på som eit slag, og begge blei utvist, seier trenar Tore Kleppe.

94 mål på 19 kampar

– Bortsett frå nokre eittmålstap så har vi stort sett vunne med kjempesiffer. I 70-80 prosent av kampane har vi stilt med utespelar i mål, elles hadde vi nok vore suverene.

Os 3 har skåra heile 94 mål på 19 kampar. Dei har òg færrast baklengsmål med 31 imot.

Kan rykka opp

Os 3 ligg framleis to poeng bak Follese 2.

I siste runde speler Os borte mot Lyngbø 3 (6. plass), mens serieleiaren speler heime mot Vestsiden-Askøy 2 (4.plass).

– Vestsiden vann nettopp 10-1. Det er dessutan lokaloppgjer, så innsatsen kjem det neppe til å stå på. Gutane på Os 3 er i alle fall gira på opprykksfest, så vi reiser til Lyngbø for å vinna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.