Lokal | 12. apr. 2018

Os best i Hordaland

Kommunebarometeret 2018: Os er blant dei 50 beste kommunane i Noreg. – You made my day, jublar ordførar Marie Bruarøy (H).

Os best i Hordaland
Kommunestyret kan gle seg over å styra den kommunen som kjem høgst på Kommunebarometeret i Hordaland (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. apr. 2018 13:29

Os hamner på 46. plass i den foreløpige utgåva av Kommunebarometeret 2018 frå Kommunal Rapport når ein korrigerer for økonomiske rammebetingelser. Ser ein berre på nøkkeltala og ignorerer økonomiske føresetnader er kommunen på ein 117.

– Nøkkeltala er klart betre enn økonomiske føresetnader skulle tilseie. Dei er samla sett ein del betre enn normalen i kommune-Noreg. Det er ein klar overvekt av nøkkeltal som syner positiv utvikling det siste året, når vi tek omsyn til kor tungt vekta kvart nøkkeltal er i barometeret, oppsummerer rapporten.

Mandal er i den totale oversikten på topp framfor Hole og Førde. Os er best i Hordaland.

Stolt ordførar

Ordførar Marie Bruarøy (H) er saman med ein delegasjon frå Os kommune i Oslo på KS si samling for kommunar som skal slå seg saman når Midtsiden ringer for å få ein kommentar.

– Har kommunebarometeret kome, det har eg ikkje rekt å sjå på enno. Kva seier resultatet, spør ein nysgjerrig ordførar.

– Fantastisk. Eg er ikkje overraska, for eg veit vi har så mange dyktige medarbeidarar.

– Samstundes er eg utruleg stolt og imponert over den innsatsen som blir lagt ned kvar dag i heile organisasjonen for å gje gode tenester til innbyggjarane våre. Og dette leverer dei på toppen av arbeidet med kommunereforma.

Bevisste satsingar

Det er 12 ulike områder som blir målt i Kommunebarometeret (sjå nedst i saka). På eit av desse, barnevern, går Os frå 235. plass i 2017 til 83. plass i 2018.

– Det viser at å ha ein tydeleg plan og gitte satsingsområder, så får ein resultater. Barnevernet har vore eit satsingsområde, både frå staten si side og frå kommunen si side og har fått tilført ressursar.

– Dette viser at det blir gjort eit godt fagleg arbeid i barnevernet med dyktige medarbeidarar og ei solid leiing. Innsatsen gir resultater, konkluderer ordføraren.

Godt grunnlag for samanslåinga

Også Fusa gjer det godt i Kommunebarometeret og kjem på 105. plass.

– Det er veldig bra. Også dei ligg i det øvre skiktet av kommunane i Noreg.

– At både Os og Fusa ligg så høgt oppe er eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med å slå oss saman.

– Samstundes så viser det at vi i begge kommunane klarer å levere ei kvalitetsheving av tenestene, sjølv om vi sidan i fjor sommar har jobba mykje med og hatt stort fokus på å førebu samanslåinga til Bjørnafjorden kommune.

Slik er delresultata

Os kjem totalt på 46. plass. Her er kvart av områda som blir målt. Prosentsatsen bak området syner kor mykje området tel i totalen. Parentesen bak plasseringa syner plasseringa i 2017.

• Barnehage (10%) - 384 (335)
• Barnevern (10%) - 83 (235)
• Enhetskostnader (5%) - 160 (1)
• Grunnskule (20%) - 158 (201)
• Helse (7,5%) - 267 (175)
• Kultur (2,5%) - 280 (359)
• Miljø og ressursar (2,5%) - 1 (11)
• Pleie og omsorg (20%) - 209 (292)
• Sakshandsaming (2,5%) - 82 (62)
• Sosialtenester (7,5%) - 226 (270)
• Vatn, avlaup og renovasjon (2,5%) - 263 (332)
• Økonomi (10%) - 55 (99)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.