Lokal | 07. juli 2017

Os blir sentrumspilot

Os kommune får 300 000 kroner frå Hordaland fylkeskommune for å vera pilot på korleis fastsetta størrelsen på regional-, lokal- og nærsentra.

Os blir sentrumspilot
Os sentrum sett frå Flåten (foto: Espen Wilhelmsen, Privatmegleren Vikøyr & Brandt)
Andris Hamrefredag 07. juli 2017 11:04

Tidlegare i sommar fekk Os kommune 150 000 kroner frå Hordaland fylkeskommune til ein moglegheitsstudie for området på austsida av Oselvo.

– Målet er å skape attraktive senter i fylket. Tildelinga er ei viktig oppfølging av den regionale planen for attraktive senter og oppfølging av samarbeidet med kommunane. Vi har lagt vekt på støtte til regionsenter spesielt, seier plansjef Marit Rødseth ved regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Får 300 000 til

I starten av denne veka blei det klart at det no kjem nye 300 000 kroner frå fylkeskommunen til Os kommune gjennom støtta prosjekt «Pilot Os - Sentrumsutstrekning i regionsenter, lokalsenter og nærsenter».

– Regional plan for attraktive senter legg opp til at sentrumsutstrekning skal fastsetjast i kommuneplan eller i reguleringsplan for sentrum. Føremålet med dette prosjektet er å teste ut metode for fastsetjing av sentrumsutstrekning i regionsenter/kommunesenter og lokalsenter, og gjere kunnskapen nytting for bruk i andre senter i fylket. Prosjektet vert gjennomført som ei pilot av Os kommune, i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, heiter det i prosjektomtala.

Os kommune skal avgrense sentrumsområde i regionsenteret Osøyro, lokalsenteret Lyseparken og nærsentrene Nore Neset,Søre Neset, Søre Øyane, Lysefjorden og Søfteland. Avgrensingane blir fastsett innan rammene av den pågåande rulleringa av kommuneplanen sin arealdel.

Blir pilot for andre kommunar

I analysen skal ein nytta ulike verktøy for fortettingsanalyse, korleis utforma sjølvforsynte bustadsatelittar med låg bilavhengigheit, moglegheitsstudier og stadsanalyser.

– Pilotprosjektet skal gje erfaringar med bruk av tverrfagleg metode i avgrensing av sentrum, med særleg fokus på små og mellomstore stader/ grender. Prosjektet skal auke kompetansen i bruk av digitale virkemiddel og metodar i arealplanlegginga i kommunane generelt og Os spesielt.

Prosjektet skal vera ferdigstilt seinast juni 2018 og har ei total kostnadsramme på éin million kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.