Kultur | 29. des. 2010

Os bryr seg

SJÅ VIDEO: Godt oppmøte og stor gjevarglede på støttekonsert i Os kyrkje tysdag kveld.

Os bryr seg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. des. 2010 11:54

Over 400 fann vegen til artistdugnaden som resulterte i ein strålande romjulskonsert Os kyrkje tysdag kveld.

Les òg:
Desse artistane stilte opp
Støttar Sigrid med konsert

- Dette var overveldande, seier Sigrid Tvedt. Det var hennar arbeid og frivillige innsats for vanskelegstilte konserten blei arrangert til inntekt for.

Fekk nesten 40.000 kroner
Konserten var gratis, inntektene kom i form av kollekt ved utgangen.

Hallgeir Bjørnevik, ein av initiativtakarane fortel at heile 37.800 kroner kom inn.

- Det er heilt uverkeleg! Eg gler meg på vegne av både dei eg jobbar for og familiane deira, seier Sigrid.

- Pengane går på ein nyoppretta konto. Over nyttår vil eg i samtale med fleire som driv godt arbeid for rusmisbrukarar og andre vanskelegstilte, for å diskutera korleis pengane bør brukast.

- Eg ser for meg noko varig, noko mange kan ha glede av, gjerne utstyr til aktivitetstilbod.

Ringverknadar
Sigrid seier samstundes at ho gler seg over haldningsendringar ho meiner ho ser i Osbygda, at folk er flinkare til å sjå rusmisbrukarar som menneske, ikkje eit samfunnsproblem.

- Eg håper denne konserten og fokuset som har vore rundt den held fram med å få positive ringverknadar, seier det rause medmennesket Sigrid Tvedt.

VIDEO: Sjå ei komprimert utgåve av konserten i går (cirka 15 minutt), der delar av dei fleste innslaga er tatt med. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.