Næringsliv | 26. nov. 2015

Os Dyreklinikk blei dobbelt så stor

I dag kom Os Dyreklinikk i drift i nye lokale på Hjelle.

Os Dyreklinikk blei dobbelt så stor
Eva-Kristin og Nils Brynjulv saman med dei andre veterinærane og dyrepleiarane ved nye Os Dyreklinikk i dag. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. nov. 2015 14:41

Bildeserie:

Veterinærsjukepleiar Hege Rosenberg på laboratoriet. (Foto: KML)
Veterinærsjukepleiar Hege Rosenberg på laboratoriet. (Foto: KML)
Resepsjon og butikk. (Foto: KML)
Resepsjon og butikk. (Foto: KML)
Eva-Kristin med ein av dei første pasientane ved den nye klinikken. (Foto: KML)
Eva-Kristin med ein av dei første pasientane ved den nye klinikken. (Foto: KML)
Veterinærsjukepleiar Marta Fauskanger. (Foto: KML)
Veterinærsjukepleiar Marta Fauskanger. (Foto: KML)
Hundane og kattane har fått kvar sine oppstallingsrom. (Foto: KML)
Hundane og kattane har fått kvar sine oppstallingsrom. (Foto: KML)
I hestemottaket kjem også dette spesialdesigna hundebadet. (Foto: KVB)
I hestemottaket kjem også dette spesialdesigna hundebadet. (Foto: KVB)
Butikken har blitt langt større enn den førre. (Foto: KML)
Butikken har blitt langt større enn den førre. (Foto: KML)
Operasjonsstova. (Foto: KVB)
Operasjonsstova. (Foto: KVB)
Eitt år etter at Lunde og Bøe kjøpte eigedomen er bygget klart for ny bruk. (Foto: KVB)
Eitt år etter at Lunde og Bøe kjøpte eigedomen er bygget klart for ny bruk. (Foto: KVB)
1 av 9

Osøyro Dyreklinikk har flytta og skifta namn - og fått fantastiske fasilitetar på Hjelle.

Det var ei sliten, men lykkeleg Eva-Kristin Lunde vi møtte på opningsdagen i dag.

– Eg har sove to timar i natt, så eg kan ikkje setja meg ned for då er eg ferdig, seier ho og ler.

Dei byrjar å kome godt på plass i dei nye lokala. Butikken er fylt med varer og dei fyrste pasientane har vore innom dei flotte nye konsultasjonsromma.

– På fredag tenkte eg at dette kjem vi aldri til å klara. Men laurdag så aulte det inn med folk, klare til å hjelpa. Både venar, familie og kundar har stått på for Eva-Kristin og Nils Brynjulv Bøe.

– Det hadde ikkje gått uten dei, eg er så utruleg takksam at eg ikkje har ord for det.

Ønskjer seg ein trestige

Arbeidet som gjenstår er med lunsjrommet, garderobar og rydding av hestemottaket.

– Vi manglar og ein trestige som skal gå opp på hemsen der dei tilsette kan sova, så om nokon har ein slik, eller kan laga ein, så må dei ta kontakt.

Den offisielle feiringa av det nye lokalet til klinikken vil bli på nyåret, når alt er kome på plass.

– Vi har lenge hatt behov for større plass, det blir lite effektivt når tilsette må venta på kvarandre for å gjera oppgåvene sine.

For eitt år sidan kjøpte ho den gamle tredreieverksemda på Hjelle, av Tom Fagerthun og Harry Herland, saman med Nils Brynjulv Bøe.

– Dette hadde aldri gått utan Nils Brynjulv. Han har halde tråden i alt, frå dialog med arkitektar og entreprenørar til løysing av små og store praktiske oppgåver, seier Eva-Kristin om den nevenyttige sambuaren.

Frå 190 til 450 kvadratmeter

Den eldste delen av bygget er frå 30-talet, den nyaste frå slutten av 60-talet.Jobben har vore omfattande, frå omregulering og tilkopling til offentleg avlaup til totalrenovasjon innandørs. men jobben har gjeve resultat.

Os Dyreklinikk får meir enn dobbelt så stor plass, aukar frå to til tre behandlingsrom og får, i tillegg til tre behandlingsrom, operasjonsstove, tannklinikk, oppstallingsrom og røntgenrom - mykje større mottak for hestar.

Spesialdesigna hundebad

Har du ein hund som treng ein ekstra grundig vask? I nye Os Dyreklinikk har Eva-Kristin fått produsert ein stor, spesialdesigna hundevask.

– Eg har teikna den sjølv og fått mekanikeren vi kjøpte bygget av, Tom Fagerthun, til å produsera den.

Vasken står i hestemottaket, så her kan du ta hunden rett ut frå bilen og direkte i bad.

– Det kan vera ein hund som er ekstra skiten, eller nokon som har ein hund som er stor og vanskeleg å få reingjort skikkeleg. Med denne vasken og plasseringa i hestemottaket slepp vi ta ein våt hund gjennom heile klinikken etterpå.

20 år i teneste

I mars i år var det 20 år sidan Eva-Kristin som nyutdanna veterinær opna eigen klinikk i Landboden. Den gong var ho åleine.

– Det blei ut på gardane på formiddagen og inn på klinikken om etermiddagen. Ofte var det ut igjen på kveldstid, fortel ho.

I 2004 blei firmaet aksjeselskap, i 2014 omsette dyreklinikken for 6,8 millionar kroner.

– Vi er tre veterinærar no, i tillegg har vi tre dyrepleiarar, ein student i praksis og to assistentar med helsefagleg utdanning og erfaring, fortel Eva-Kristin, glad for å vera i hus med heile gjengen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.