Sport | 05. apr. 2017

Os er klar for NM

Spelte andre kvalifiseringsrunde på bortebane i kveld.

Os er klar for NM
Jubel i Os-leiren etter 8-1 heime over Arna-Bjørnar i NM-kvalifiseringa i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. apr. 2017 19:06

Etter 4-0 heime over Odda laurdag 1. april, i ein kamp Hassan El Fakiri ikkje var heilt nøgd med, spelte Os i kveld borte mot Arna-Bjørnar i andre av to kvalifiseringsrunder til NM.

I fjor vann dei 8-1 heime i NM-kvalifisering mot Arna-Bjørnar (og 1-3 borte og 8-1 heime i serien).

Også i dag blei det siger, Os vann 2-1.

– Eg synest vi hadde det meste av banespelet, og vi kom til ein del innlegg. Vi hadde bra kontroll på kampen, sånn sett var det betre enn sist.

– Men eg synest vi kunne skapt litt fleire sjansar, og at vi hadde fått meir ut av det vi hadde av farlege situasjonar, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Arna-Bjørnar - Os 1-2 (0-1)
Målskårarar, Os: Glenn Krossøy og Christoffer Hafsås.
Os: Anders Fossen Lunde - Torkel Hjertnes, Ole Martin Kolskogen, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Marius Mikkelsen, Adrian Kallekleiv - Glenn Krossøy, Steffen Ljosheim - Øystein Takle Eide og Christoffer Hafsås.
Innbytarar med speletid: Erik Kanestrøm (for Krossøy), Anders Havsgård (for Hafsås) og Rafael Villén (for Mikkelsen).

Krossøy gav Os leiinga i første omgang. Eit stykke ut i andreomgangen utlikna Arna-Bjørnar.

– Heldigvis var Hafsås rask med å gje oss tilbake leiinga, seier El Fakiri.

– Det viktigaste i dag er at vi tar oss vidare.

Andre runde blir spelt ferdig i kveld.

Her er nokre lokale resultat frå siste og avgjerande runde:
Trott - Tertnes 3-2
Sotra - Vestsiden-Askøy 3-2
Austevoll - Varegg 5-4
Bjarg-Voss er det i skrivande stund ikkje kome resultat frå.

– Vil koma lengst mogleg

Trekninga til første ordinære runde kjem truleg før helga.

– Er det håp om å få Brann til Kuventræ igjen?

– Vi ønskjer å koma lengst mogleg, og å by på god fotball for publikum. Vi takkar ikkje nei til Brann, men det gjer ingenting om vi får ein annan lokal motstandar, ein som vi kan spela jamt med.

– Fana kunne vore fin motstand, også dei vil trekkja litt bortepublikum om kampen går på Kuventræ.

• Midtsiden samleside: Fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.