Lokal | 15. mai 2018

Os får 6,7 millionar til lærarnorm

Revidert nasjonalbudsjett • Regjeringa øyremerker 700 millionar til innføring av lærarnorm frå hausten av. Os får 6.695.000 av desse.

Os får 6,7 millionar til lærarnorm
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner då han vitja Bjørnafjorden Gründerpark i fjor (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 15. mai 2018 11:14

I dag presenterte regjeringa sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett. For kommunane var det knytt spenning til i kva grad dei får dekka kostnadane med innføring av lærarnorm i grunnskulen frå hausten av.

Les òg:
Forskoterer revidert nasjonalebudsjett
Er uroa for ny lærarnorm

– Ingen elevar skal gå ut av grunnskolen utan å ha lært å lese, skrive og rekne skikkeleg. Elevar som slit må få hjelp tidleg i skoleløpet, slik at dei ikkje bli hengande etter. Til det treng vi fleire gode lærarar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Øyremerker 700 millionar

Til hausten innfører regjeringa ei norm for lærartettleik. Då skal det maksimalt vere 16 elevar for kvar lærar frå 1. til 4. trinn, og maksimalt 21 elevar for kvar lærar i 5. til 10. trinn. Fleire kommunar treng fleire lærarar for å klare kravet. Difor føreslår regjeringa øyremerkinga på 700 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.

Av desse blir 500 millionar fordelt til alle kommunane etter delkostnadsnøkkelen for grunnskolen. 200 millionar kroner blir fordelt til kommunar som treng fleire lærarårsverk enn det som kan dekkast av dei 500 millionar kronene.

– Av desse blir 500 millionar fordelt til alle kommunane etter delkostnadsnøkkelen for grunnskolen. 200 millionar kroner blir fordelt til kommunar som treng fleire lærarårsverk enn det som kan dekkast av dei 500 millionar kronene.

– Ein del skolar vil trenge fleire lærarar på eit eller fleire hovudtrinn. Dette vil skolane og kommunane kunne løyse anten med å tilsetje fleire lærarar, eller ved å flytte årsverk mellom hovudtrinn på ein skole eller mellom skolar i kommunen. Med løyvinga i 2018 er det lagt til grunn at dei ikkje må flytte lærarar mellom skolar, heiter det i pressemeldinga.

– Vi legg til grunn at skolane har nytta tilskottet dei har fått frå 2015 til fleire lærarar. Til saman får kommunane dekt meir enn det det er berekna at dei treng for å innføre lærarnorma i 2018, seier Sanner.

Os får 6.695.000 kroner

I oversikta frå regjeringa kjem det fram at dei har berekna at det i Os kommune manglar 17,1 årsverk for å oppfylle normen. I framlegget forslår regjeringa at Os kommune skal få 6.695.000 kroner i kompensasjon, noko som i følgje berekningane gir rom for 22,2 årsverk frå hausten 2018.

Os er saman med Bergen (66) og Askøy (14) dei kommunane i Hordaland som er lengst frå å oppfylle lærarnormen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.