Kultur | 10. sep. 2014

Os-forlag med ny roman

I 2012 starta Fradrik Schmidt Fotland opp forlaget Comino for å gje ut sine eigne bøker. 2 år seinare har forlaget gjeve ut 17 titlar frå ulike forfattarar på Vestlandet.

Os-forlag med ny roman
Dan Takle er ute med si andre bok "Struts" på Comino Forlag. (Foto: Comino Forlag)
Kari M. Lyssandonsdag 10. sep. 2014 06:59

Maktmisbruk. Bygdedyr. Overgrep. Tradisjonar. Lukka samfunn. Feigheit. Sjøljustis. Egoisme.

Med desse stikkorda presenterer Comino forlag sin nye roman "Struts" frå forfattar Dan Takle.

Takle arbeider til dagleg som lærar på Slåtthaug ungdomskule.

Romanen er Takles andre roman etter debuten "Sjiraffen" som kom ut i 2013. Handlinga i "Struts" går føre seg i eit fiktivt samfunn i Nord-Noreg og blir skildra som ei djupt tragisk og samtidig hysterisk morosam bok som tråklast gjennom det fiktive Svanøysamfunnet.

Boka blir gitt ut 17. september.

Meir om Sven Hope til neste år

For forleggjar Fredrik Schmidt Fotland har Comino blitt noko heilt anna enn det han hadde plan om.

– Eg starta jo forlaget for å gje ut eigne bøker, men fleire tok kontakt og sendte inn manus og idear, så det har ikkje vore tid til mykje skriving på meg i det siste.

– Men no har eg tilsett ein salssjef, det gjev meg meir tid til å skrive, så eg håpar å få ut ei ny bok om Sven Hope til neste år.

Fotland har tidlegare gjeve ut bøkene "Agenten" og "Englestrøk" med Sven Hope som frontfigur.

Frå ei til ti bøker

Comino gav ut ei bok første året, i 2013 var det seks bøker og i 2014 blir heile ti bøker gjeve ut frå det lille forlaget.

– Det går veldig bra, og eg tykkjer det er kult at vi har eit lite lokalt forlag med fokus på lokale krefter.

Fleire av forfattarane Fotland har fått manuskript i frå har tidlegare blitt refusert i frå dei store forlaga på austlandet, men Fotland fortel at det ikkje treng bety at manuskriptet er dårleg.

– Ofte er det gode manus, men som dei store forlaga ikkje tykkjer passer inn hos dei.

Fleire potensielle osingar

Salet av bøkene som er utgiven på Os-forlaget har gått som Fotland har håpa på.

– Vi har stort sett selt ut 1. opplag av alle bøkene, noko eg er fornøgd med.

Framover har forlaget planar om å gje ut både diktsamling, barnebok og to krimbøker.

– Osingen Jan-Ove Hansen kjem med ei diktsamling, og det er mogleg det kjem fleire utgjevingar frå osingar etterkvart.

– Det er mange i Os som er flinke til å skriva og vi har fleire potensielle på lista vår, seier Fotland lurt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.