Sport | 28. jan. 2018

Os Fotball heidra på Ullevaal

Tildelt pris for innsats for eldre (!) under Eat, Move, Sleep-arrangement i Oslo.

Os Fotball heidra på Ullevaal
T.v.: Brenne og Knut Prestvold. T.h.: Soldrid, Elisabeth, Annette og Endre over ein liggande Tore. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. jan. 2018 18:35

Av over hundre søkjarar har Os Fotball nok ein gong blitt valt ut til å vera Eat Move Sleep-ambassadør, og til å arrangera barnefotballcupen med same namn komande sommar.

– Talet på EMS-ambassadørar blei halvert for to år sidan. Å vera blant dei 37 kvalifiserte er stas i seg sjølv, at vi òg skulle få pris, var ekstra stas, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Samarbeid med Os Pensjonistforening

Hundre deltakarar frå 37 klubbar har i helga fått høyra foredrag av blant andre Per Joar Hansen fra Fotballandslaget, Isabell Herlovsen frå damelandslaget, Dr.Usman Mushtaq frå Eat og Steinar Mundal, landslagstrenar for skiskyttarjentene.

Det blei delt ut prisar til dei tre beste EMS cup-arrangørane, og nokre prisar i andre kategoriar.

Os fekk pris for årets pensjonistklubb for sitt samarbeid med Os Pensjonistforening.

– Det er klart det blei litt latter i salen då årets pensjonistpris blei delt ut til eit idrettslag som i hovudsak har unge medlemmar. Men å engasjera oss i samfunnslivet utanfor Kuventræ, og å spreia EMS sine kjerneverdiar til andre målgrupper, er noko vi er glade for og stolte over at vi får til.

Samarbeidet med Os Pensjonistforening starta i 2016, og har halde fram med blant anna foredrag, moteshow (sjå video) og konsert i 2016 og 2017.

– Medlemmane i Os Pensjonistforening, og andre som har deltatt på desse kveldane i Os Eldresenter, har blant anna fått gratis partout-kort til Kuventræ. Det gler meg å sjå at fleire bruker dette, at det er fleire eldre å treffa på Kuventræ.

Rett fokus og gode støttespelarar

Får å bli verande som EMS-ambassadør må Os Fotball visa at dei driv etter bodskapen også utanom cupen.

– Måten vi gjer dette på er blant anna at vi har sunnare mat på FFO og fotballakademi gjennom året, at vi serverer frukt i staden for kjeks til motstandarlag og dommarar som kjem på besøk - og på måten vi driv kiosken.

Med til Oslo var Annette Kleppe og Solfrid Vernøy, som har ansvar for drifta av kiosken på Kuventræ, støttespelar Tore Kleppe og EMS-frivillig Elisabeth Nedrelid.

– I kiosken er det slutt på sal av brus, men auka utval innan sunn mat og drikke. Kiosken er ei veldig viktig brikke gjennom heile sesongen.

– At vi med EMS også klarer å engasjera fleire til å yta ein innsats for klubben, som Elisabeth Nedrelid, Trude Riple og Eirik Rødberg, er ein ekstra bonus.

Laurdag blei det også ein liten fest i Oslo.

– På same hotell som oss budde supporterklubbar som har vore på samling, og «pensjonistklubben» Os blei samlingspunkt for supportarar frå både Mjøndalen og «B-Gjengen» frå Bryne, fortel Brenne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.