Kultur | 22. nov. 2012

Os + Fusa på ferja

I neste veke går startskotet for UKM 2013. Møtet blir arrangert midtfjords.

Os + Fusa på ferja
– Vi tar oppstartmøtet midtfjords, seier Kjetil Osablod Grønvigh. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. nov. 2012 08:08

Onsdag i neste veke går ordførar Terje Søviknes med ein delegasjon frå kultureininga om bord på Fusa-ferja for å møta ordførar Hans Vindenes med tilsvarande følgje.

Saman skal dei reisa med ferja til Venjaneset og tilbake til Hatvik. Kvifor? For å diskutera unge talent og kulturmønstringa i 2013.

– Søviknes har sagt mykje om Oseana som regionssenter for kultur. Det gav meg ideen om å invitera fusingane til Os for å ta den lokale kulturmønstringa saman med oss, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.

Les òg: Elias song seg vidare (bilde og video frå UKM 2012)

– Det fungerte bra og både vi og Fusa kommune er innstilte på å gjenta suksessen. Kva er då meir naturleg enn å ta startskotet midtfjords? spør Kjetil.

Styla bil og heimelaga app?

Ungdomens kulturmønstring (UKM) er eit riksdekkande kulturarrangement med lokal mønstring frå bygd til by, og seinare fylkesmønstring og riksfinale.

– "Mønstring" er kanskje eit gamaldags ord for dagens ungdom, dette er som "Norske Talenter", men med plass til endå fleire ulike formar for kultur, seier Grønvigh.

– Det musikk og dans som dominerer, men i 2013 håper eg å sjå eit endå større spekter, kanskje ein styla volvo, ein som er flink å teikna eller ei som har laga ei webside eller ein app.

– Eg håper foreldre, venar og lærarar er flinke til å motivera ungdom med talent til å stilla i UKM, uansett kva talent dei har.

Elias-konsert på ferja

Om morgonen neste onsdag går osingane på ferja. Der sit allereie Hans Vindenes med følgje. Turen går til Fusa-sida og tilbake før fusingane igjen får ein tur åleine over fjorden.

– Om bord vil vi ta ein prat om kulturlivet i kommunane og markera at startskotet går.

– Med oss for å skapa stemning har vi Elias Grimstad Salbu, som gjekk vidare frå UKM 2012 og som i haust har deltatt i Norske Talenter, fortel Kjetil.

Påmeldingsfristen til UKM 2013 er 13. januar. Arrangementet finn stad i Oseana 2. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.