Sport | 15. aug. 2015

Os godt over streken

Os vann fortjent 2-0 over Riska laurdag. – Det er alltid deilig med siger, men best var det å sjå at vi heldt nullen for andre kampen på rad, seier Hassan El Fakiri.

Os godt over streken
Adrian Valle stupar inn 2-0 skåringa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 15. aug. 2015 16:33

Os var det førande laget då dei tok i mot Riska på Kuventræ laurdag ettermiddag. Med spelande trenar Hassan El Fakiri og Rafael Villen som defensive midtbanespelarar har laget fått ein ro i spelet som ikkje har vore der tidlegare i sesongen.

– 1. omgangen styrar vi bra. Vi blir litt slitne utover i kampen. Måten vi vil spela på krev mykje av spelarane. Vi må heile tida vera fokuserte og på. Det er våre feil som gjev motstandarane sjansene, forklarar Hassan El Fakiri.

Adrian imponerte

Heimelaget holdt på ballen og spelte, medan Riska-spelarane blei løpande imellom. Rett nok var dei småfarlege eit par gongar når dei fekk spelt i bakrommet på den hurtige spissen sin. Men Os hadde mottrekket klart.

Omskolerte Adrian Valle, som kom inn på midtstopparplass saman med Torkel Hjertnes, hadde god kontroll på Riska-spissen og gjorde ting enkelt.

– Adrian er ein god spelar når han vil. Vi byrja å bruke han som stoppar på treningane no etter sommarferien og han har imponert. Difor var det kjekt å sjå at han òg fekk det ut i kamp.

To mål på tolv minutt

Publikum på Kuventræ måtte venta på måla. Første omgangen blei mållaus, eit resultat som nok bortelaget var mest nøgd med.

I andre omgangen startar Os litt svakt, men kjem seg meisterleg utover i omgangen. Etter 59 minutt kjem Håkon Kvittingen fri på høgresida og legg inn foran mål. Tiago Ribeira får foten framfor Riska-forsvararen og breisidar ballen inn i lengste hjørnet.

Berre 12 minutt seinare er det Rafael Villen som plukkar opp ballen etter ein corner. Også det på høgresida. Villen legg høgt inn på bakre stople kor midtstoppar Valle kjem flygande og sett pannebrasken på ballen og i mål.

Os over streken

Med sigeren mot Riska tok Os eit stort seg vekk frå nedrykkstriden. Sigeren brakte Os opp frå tolvte til niande plass på tabellen, men berre eitt poeng foran Vard Haugesund 2 som ligg på den plassen no.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.