Erik Kanestrøm skåra tre, Christoffer Hafsås to i kampen mot Stord laurdag (foto: Andris Hamre)

Os hadde full kontroll

Slo Stord 6-3 på Kuventræ. – I dag kontrollerte vi kampen frå start til slutt, seier Ørjan Håland.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Det var tydeleg at sommarpausa hadde gjort Os-spelarane godt. 

– I dag var gutane klare for kamp og hadde lyst til å spele fotball, oppsummerer assistenttrenar Ørjan Håland.

Os - Stord 6-3 (4-1)
Målskårarar Os: Erik Kanestrøm 3,  Christoffer Hafsås 2, Rafael Villen Villen
Os sitt lag: Thomas Hille, Knut Spangelo Haga, Endre Brenne, Adrian Kallekleiv Valle, Divaldo Cardoso, Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Hassan el Fakiri, Torkel Hjertnes, Torgeir
Lunde, Christoffer Hafsås.
Innbyttarar med speletid: Øystein Takle Eide, Anders Havsgård, Glenn Krossøy, Steffen Årseth Ljosheim, Enrique Crespo Søvik

Tre mål på ti minutt

Os tok grep om kampen frå start. Allereie etter tre minutt blei Christoffer Hafsås spelt i gjennom. Trass i at han fekk to stive armer i ryggen klarte han å halde balansen og sette ballen under Stord-keeperen og i mål.

Ni minutt seinare var Os frampå igjen. Hafsås pressa Stord-forsvaret til å gjera feil, klarte å plukke opp ballen og pirke den vidare til Erik Kanestrøm. Det første skotforsøket til Kanestrøm blei stoppa, men returen satt han kontrollert i mål.

Berre minuttet seinare kom Endre Brenne rundt på venstrekanten og slår eit perfekt innlegg inn på fem-meteren. Der kom Kanestrøm på ny flygande og headar ballen kontant i mål.

Heldig skåring

Os hadde i denne perioden alt banespelet og var frampå med den eine sjansen etter den andre. Stord si eine sjanse, og skåring, kjem etter at dei får frispark litt ut til venstre midt på Os sin banehalvdel. Ballen blir slått inn foran Os sitt mål, kor forsvaret ikkje klarer å vera tett nok opp i Stordangriparen, som headar inn reduseringa.

Felte Rafael

Os held fram med presset og har fleire store sjansar, mellom anna ei heading i tverrliggaren frå Endre Brenne. 4-1 kjem etter at Rafael Villen Villen kjem gjennom og blir felt av Stord-keeperen. Erik Kanestrøm skårar hat-trick når han set straffa kontant i mål.

5-1 kjem etter corner, kor ballen først blir klarert ut til Knut Spangelo Haga, som smell til. Han treff Christoffer Hafsås, slik at ballen endrar retning og går i mål.

Os går opp i 6-1 etter på ny å ha kome rundt på kanten. Øystein Takle Eide legg inn, Steffen Ljosheim headar ned til Rafael Villen Villen, som får vendt opp og banka ballen i mål.

To feil, to mål

Med heile fem bytar i andre omgang mistar Os litt av trøkket og Stord får utligna to ganger på slutten. Begge gangane burde vore unngått med litt meir fokus får Os-spelarane.

– Dei skårar ut av ingenting. I dag dominerer vi kampen, men vi ramler litt nedpå etter bytene. Når vi leier 5-1, så skal vi bytte.

– Når det er sagt, så var det mykje bra i dag og godt spel i dag, seier Håland.