Lokal | 21. juni 2017

– Os har alt!

Skjerming av Os hamn. Christian Halstensen, eigar av Bekkjarvik er klar. – Dette må de gjera. Os har alt ei god båthamn treng.

– Os har alt!
Christian Halstensen i Bekkjarvik gav klare råd og innspel til Harald Døsen (Ap), Ståle Skaatun (H) og Espen Aspenes (Frp) i hamneutvalet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. juni 2017 08:17

Tysdag var hamneutvalet som skal kome med ei tilråding for utvikling av Os hamn på studietur til mellomanna Bekkjarvik for å læra og diskutera med Christian Halstensen frå familien som driv, eig og utviklar med stor suksess det meste av aktiviteten i Bekkjarvik. Over ein lunsj på Bekkjarvik gjestgiveri fekk osingane klare og tydeleg råd frå gründeren og utviklaren.

– Dette må de berre gjera. Os har jo alt!

– De har Solstrand, kulturhus, butikkar og ikkje minst badeland. Får de til ei god og trygg hamn kor båtfolket kan ligga trygt, så vil det garantert bli suksess. Eg burde jo eigentleg ikkje seie det, for de blir jo ein konkurrent, men eg trur det vil gje positive synergiar også for oss og dei andre hamnene i området om Os kjem opp å gå. De ligg jo midt i leia både mot Rosendal og Hardanger og sørover, påpeika Halstensen.

Les òg: Treng alle fire bølgjedemparane

Reint, ryddig og djupt nok

Halstensen, som ivrig seglar, hadde nokre klare råd til osingane.

– De må presentere hamna på ein god måte slik at eg blir klar over kva fasilitetar de har og kor eg kan legga til med seglebåten. At ho er djup nok er viktig. Difor må de sørgje for å mudra ho slik at båtane kjem til kai.

– De må òg sørgje for at den er rein og ryddig og at fasilitetane, som toalett og vaskerom er innbydande. Dei blir kanskje ikkje så mykje brukt, dei fleste har det dei treng i båtane, men det er viktig for hamna sitt rykte. De må òg sørgje for at folk ønskjer seg velkomen og at dei blir møtt av vertar med eit smil.

Ein viktig samlingsplass

I Bekkjarvik finn ein i tillegg til båtplassar og gjestgiveriet, kjøpesenter og ein nyanlagt park.

– Hadde vi ikkje hatt båtturistane, så hadde vi heller ikkje hatt eit kjøpesenter. Vi har motsatt sesong som Lagunen med høgsesong om sommaren og lavsesong ved juletider. Det er med på å halde liv i bygda og å skape trivsel og den samlingsplassen vi ønskjer at Bekkjarvik skal vera, også for dei fastbuande.

– Det må næringslivet sjå nytten av og vera med på, poengterte Halstensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.