Sport | 10. nov. 2014

Os har henta toppskårar

– Assistenttrenaren vår gav meg mykje sjølvtillit, fortel austevollingen som skåra 28 mål på 19 kampar i årets opprykksesong.

Os har henta toppskårar
Toppskårar Kristoffer Østervold frå Austevoll har signert toårsavtale med Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. nov. 2014 21:52

Som 17-åring var han i 2009 med til Kuventræ for å tapa opprykkskamp mot Os. No er Kristoffer Østervold (22) tilbake for å skåra for dei gule og svarte.

– Eg hadde i grunnen ikkje tenkt på å skifta klubb, sjølv om eg i sommar flytta til Bergen for å studera.

I år skåra Kristoffer 28 mål på 19 kampar (over 1,47 mål i snitt) og sendte Austevoll opp igjen i 3. divisjon med 13 poeng margin framfor Follese.

– Men då Bakkerud ringte og fortalte om satsinga på Kuventræ, og viste sånn interesse for meg som spelar, så fann eg ut at dette kan vera plassen for meg å utvikla meg vidare. 

Torsdag signerte han kontrakt med Os for to år.

– Eg hadde bestemt meg før eg fekk høyra at Hassan El Fakiri blir hovudtrenar, men eg må seia at det var ein skikkeleg bonus.

Fekk full tillit

På spørsmål om kvifor han har vore så effektiv framfor mål i år, rettar Kristoffer ei takk til både tidlegare lagkamerat og årets assistenttrenar.

– Tidlegare spelte eg hengande spiss bak Trond Heggestad. Han lærte meg mykje. Då han la opp fann eg ut at eg var klar til å ta på meg ansvaret på topp.

– Eg fekk tillit og eg fekk sjølvtillit, ikkje minst av måten assistenttrenar Håvard Hansen backa meg opp på.

– Når nokon seier til deg nesten kvar dag at du er knallgod, så får du tru på deg sjølv, og då er det også lettare å skåra mål.

– Har eit stort potensiale

Sportssjef i Os, Lars Bakkerud, fortel av Østervold har vore på Kuventræ på nokre treningsøkter i haust og gjort god figur.

– Han har eit godt steg, han er naturlegvis ein god avsluttar og han flyttar seg på ein smart måte på banen.

– Men viktigast, Kristoffer har eit stort potensiale, og han kjem her fordi han ser dette som ein god utviklingsarena dei neste åra, seier Bakkerud.

Østervold mista sesongens siste kampar med Austevoll grunna eit brot i kragebeinet, men er snart klar for si første trening som nysignert Os-spelar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.