Sport | 15. mars 2018

Os har kniven på strupen

Damelaget må vinna minst éin av dei to siste kampane for å unngå nedrykk.

Os har kniven på strupen
Gitte Torp (t.v.) trur Os må vinna begge dei siste kampane for å halda seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. mars 2018 09:32

Thiet Dang storspelte og blei toppskårar med 6 mål. Mia og Hilde Kristine var sterke i forsvar. Anna Martine Særvold Mjånes, som debuterte i førre runde, fekk si første skåring i 2. divisjon.

Os skåra 28 mål, men klarte ikkje å slå Stord på bortebane i går.

– Vi kom seint i gang, sånn vi dessverre har gjort fleire gongar denne sesongen. Dei to første måla våre kom på straffe, vi brukte 11 minutt før vi sette vårt første spelemål, seier assistenttrenar Gitte Torp.

Os var oppe i 11-9, men låg 5 bak til pause. Også andre omgang starta svakt for gjestane frå Os, men etter å ha auka frå eitt til to frimerke tok dei innpå til 27-23.

Heime blei det 19-18-siger over Stord, i går tapte Os 35-28 (18-13).

– Stord har, som fleire andre lag, styrka stallen sin i vinter. Det er lov å fylla på fram til 1. februar, men det har ikkje vi hatt sjanse til. Alle utanom dei fire langtidsskadde var friske, og det var mykje å gleda seg over i går, men no har vi fokus på å seinka skuldrene og ikkje stressa for mykje inn mot dei to siste kampane.

Kan redda plassen på heimebane

To lag rykker ned frå 2. divisjonsavdelinga til Os. Sotra ligg nedst (12. plass) med 0 poeng, på plassen over ligg Os med 8.

Neste motstandar er Bjørnar på 10. plass, også dei med 8 poeng, men med éin kamp mindre spelt.

Os tapte heile 33-21 borte mot Bjørnar, i det Torp skildrar som ein totalkollaps.

Bjørnar har fem tap på rad før dei kjem til Oshallen tysdag.

– Sjølv om Bjørnar kan tapa for både Fana 2 (8. plass) og Fyllingen (6. plass), som dei har i sine to siste rundar, så trur eg vi må vinna begge dei to siste kampane for å halda oss. Det bør vi ha som mål òg.

Etter kampen mot Bjørnar tysdag rundar Os av sesongen mot Fana 2 søndag 8. april - også det på heimebane.

• Sjå òg: Tabell og terminliste (handball.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.