Sport | 17. apr. 2017

Os henta inn igjen det tapte

Ein glipp sendte gjestane i leiinga i dagens serieopning. Etter pause var det berre Os det handla om.

Os henta inn igjen det tapte
Spelarane jubla saman med trenarane etter at Erik Kanestrøm utlikna i dagens serieopning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. apr. 2017 17:13

Bildeserie:

Dagens ballgutar frå Os G12. (Foto: KVB)
Dagens ballgutar frå Os G12. (Foto: KVB)
Kanestrøm med skot eit kvarter ut i kampen. (Foto: KVB)
Kanestrøm med skot eit kvarter ut i kampen. (Foto: KVB)
Innlegg av Haga, Takle Eide var frampå, men Spjelkavik klarerte. (Foto: KVB)
Innlegg av Haga, Takle Eide var frampå, men Spjelkavik klarerte. (Foto: KVB)
Hafsås legg inn til Kanestrøm. (Foto: KVB)
Hafsås legg inn til Kanestrøm. (Foto: KVB)
Kanestrøm ba om straffe, men fekk det ikkje. (Foto: KVB)
Kanestrøm ba om straffe, men fekk det ikkje. (Foto: KVB)
Ei misforståing førte til 0-1 i 30. minutt. (Foto: KVB)
Ei misforståing førte til 0-1 i 30. minutt. (Foto: KVB)
Valle slapp å få kort for denne. (Foto: KVB)
Valle slapp å få kort for denne. (Foto: KVB)
Biko Brennan hadde ein god debut. (Foto: KVB)
Biko Brennan hadde ein god debut. (Foto: KVB)
Hafsås reduserte i 49. minutt. (Foto: KVB)
Hafsås reduserte i 49. minutt. (Foto: KVB)
Publikum fekk sol og mange sjansar. (Foto: KVB)
Publikum fekk sol og mange sjansar. (Foto: KVB)
Her set Kanestrøm inn 2-2. (Foto: KVB)
Her set Kanestrøm inn 2-2. (Foto: KVB)
Cardoso var nær 3-2 på dette innlegget. (Foto: KVB)
Cardoso var nær 3-2 på dette innlegget. (Foto: KVB)
Her heada han rett over. (Foto: KVB)
Her heada han rett over. (Foto: KVB)
1 av 13

I dag starta sesongen i Norsk Tipping-ligaen, og Os tok imot Spjelkavik i serieopninga.

Spjelkavik var to poeng frå å vinna avdelinga si i 3. divisjon i fjor, mens Os som kjent tok 4. plass i si avdeling.

– Vi var litt spente, både fordi det var seriestart og fordi vi ikkje kjenner desse laga nord for oss så godt. Starten på kampen var litt prega av det, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Os - Spjelkavik 2-2 (0-2)
Os: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Biko Brennan (debut), Knut Spangelo Haga - Adrian Valle, Marius Mikkelsen (kaptein) - Erik Kanestrøm, Glenn Krossøy - Øystein Takle Eide og Christoffer Hafsås.
Innbytarar med speletid: Rafael Villén (45. for Valle), Ole Martin Lekven Kolskogen (60. for Krossøy), Torgeir Lunde (77. for Kanestrøm) og Thomas Lunde Fosen (90. for Brennan).

Spjelkavik fekk stå høgt på Os og styrte det meste av dei første 5-6 minutta. I denne perioden hadde dei òg ein ball i stolpen til Os.

I 30. minutt, nærmast ut av ingenting, kom første skåring. Kloven klarterte ut mot sentral 16-meter, men der var ingen defensive Os-spelarar som møtte ball. I staden blei den snappa opp av Sunde på Spjelkavik, som enkelt putta ballen i ope mål.

Fem minutt seinare auka gjestane til 0-2 etter noko klabb og babb i boks etter corner.

– Eg synest vi var best i første omgang, men etter pause hang vi ikkje med, seier Spjelkavik-trenar Frode Fagermo.

Før 0-1-skåringa hadde Os fleire sjansar. Hafsås skaut rett over mål frå rundt 20 meter i 8. minutt, Os hadde dei to første cornarane, Spengelo Haga og Hafsås fekk begge koma med innlegg frå dødlinja til Takle Eide og Kanestrøm rundt halvvegs i omgangen.

Sterk start på andre omgang

Om Os datt litt saman etter 0-1-skåringa var dei heiltente etter pause. Etter fire småsjansar på innlegg og corner i løpet av dei fire første minutta av 2. omgang så sat den.

Hafsås kom åleine med keeper og reduserte.

Os held fram med å pressa gjestane og å skapa sjansar. Men utlikninga kom ikkje før i 72. minutt, då Kanestrøm sette inn 2-2 etter eit langt innkast av Torkel Hjertnes. Fire minutt seinare var Cardoso nær på å hælsparka inn 3-2. Cardoso hadde òg ei hedaing rett over tverrliggar på ein av fleire cornarar i 2. omgang.

– Det er skuffande å stå igjen med berre eitt poeng i dag, men gøy å sjå at vi kom tilbake, og at vi både får til spelet og skaper mange sjansar, seier El Fakiri.

Ein annan midtstoppar som gjorde det bra var debutant Biko Brennan. Han mista ikkje ballen éin gong, sendte presise pasningar, også dei som gjekk høgt og langt.

Os speler neste kamp borte mot Stord førstkomande laurdag. Stord starta serien med 0-0 borte mot Brattvåg

TERMINLISTE OG TABELL

Onsdag 26. april ventar Nest-Sotra i første NM-runde, som går på Kuventræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.