Sport | 02. nov. 2016

Os i gang med 2017-stallen

... men det er framleis knytt uvisse til fleire spelarar.

Os i gang med 2017-stallen
Andrew Todd, Christoffer Hafsås, Marius Mikkelsen og Divaldo Cardoso. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2016 13:03

Programmet såg tøft ut då Austevoll blei straffa for ulovleg bruk av spelar, og Bjarg fekk tre poeng før dei to siste rundane av serien i 3. divisjon avdeling 7.

Men Os tok 6 poeng og skåra til saman 11 mål mot Bjarg og Sotra, med 4. plass berga dei plassen i divisjonsomlegginga.

Så fekk spelarane fest og to veker fri, treninga startar opp igjen måndag 7. november.

– Eg ville i utgangspunktet berre gje dei éi veke fri, men ut frå blikka spelarane sendte meg var det berre til å auka ferien til to veker, seier Hassan El Fakiri og ler.

I fotballferien og i vekene fram mot jul blir det jobba med avtalar med både eksisterande spelarar og nye.

Dei eksterne

Av spelarane som ikkje er fostra opp i Osbygda er det fleire som er sikre for komande sesong.

Hassan El Fakiri held fram som trenar - og spelar - og spanske Rafael Villén, som er tilsett i klubben, blant anna som FFO-trenar, er med vidare. Dagleg leiar Endre Brenne blir i Os, og får no med seg si første oppkøyring som skadefri etter proffopphaldet på Island.

Årets spelar, Marius Haugland Mikkelsen, skal ha signalisert vilje til å bli med vidare, det same har den sterke midtstopparen, portugisiske Divaldo Cardoso, som Os fekk på lån frå Øystese frå sommaren.

OPPDATERT: – Eg er med vidare! Eg har veldig lyst å vera del av det spennande og gode arbeidet i klubben, og den sportslege utviklinga vi som lag er inne i, seier Mikkelsen.

Christoffer Hafsås, som har slite med skade, men stort sett gjort det svært bra når han har spelt, får tilbod om ny kontrakt.

Keeper Andrew Todd har opphaldsløyve og speler for Os til han er ferdig med studiene på NHHI til sommaren. Skal han bli verande må han ha jobb i Noreg, elles blir det heimreise til USA.

Kanestrøm sa nei til Sotra

Av dei mest erfarne osingane i stallen gjer Stian Lunde no eit nytt forsøk på å legga opp. Lunde blei henta tilbake frå 6. divisjon sommaren i fjor og var med på å berga året etter ein svak vårsesong.

– Vi er takksame og glade for at Lunde var med oss i år òg. Han har gjort ein fantastisk jobb og takka av med stil, seier Hassan.

Torkel Hjertnes er det framleis knytt noko uvisse til, om han trappar ned eller held fram, Erik Kanestrøm sa nyleg nei til Sotra, som viste interesse.

– Per no er eg Os-spelar ut 2017. Om det kjem klubbar lengre opp i divisjonssystemet som viser interesse, må eg vurdera det på nytt, seier Erik.

Påfyll langs heile sentrallinja

Parallelt med dialog med eksisterande spelarar ser Os etter nye.

– Vi mista Frode Øvredal i sommar og mister truleg Todd neste sommar, så vi treng fleire keeperar.

– Med Lunde ute, uansett kva det blir til med Hafsås, vil vi styrka oss både på topp og bakover i sentrallinja, seier El Fakiri.

Les òg: Kven får best plassering i 2017 - Os eller Lysekloster?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.