Os J13 med nok ein siger, denne gong i Lagunen Fotballfest.

Os J13 vann finalen i Lagunen Fotballfest

2004-årgangen held fram sigersrekka. Søndag morgon slo dei Gneist i finalen.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os jenter 13 vann i dag finalen i Lagunen Fotballfest 2017 over Gneist.

Os, som måtte klara seg utan ein av dei tre kretslagsspelarane sine (Anna Rød), vann alle kampane i innleiande rundar og sto som puljevinnar med 13-2 i målforskjell.

Jenter 13-klassen var stor i årets cup, med fem puljer og i alt 20 lag som deltok.

I 1/8-finalen blei det 3-0 over Arna-Bjørnar, i kvartfinalen blei Smørås slått 5-0 og i semifinalen vann Os 2-0 over Fyllingsdalen.

Finalen blei meir jamn, der vann Os 2-1 over Gneist.

Snudde kampen med to mål etter pause

– Vi hamna under og til pause leia Gneist 1-0, fortel Robert Nøss, som trener Os J13 saman med Kjetil Lyssand Lindbom.

Han synest Os var best i banespelet, og midt i andre omgang fekk dei effekt av godt spel.

– Hedda Stamnes Lindbom utlikna. Vi leia på cornarar, så då var vi i føringa. Kort tid før slutt auka Karoline Louise Hevrøy til 2-1 og då kunne jentene sleppa jubelen laus.

Under premieutdelinga blei òg finalens beste spelar kåra. Då fekk Robert endå ein grunn til å bli stolt, dottera Nora Blindheim Nøss, som er eitt år yngre enn dei andre på laget, fekk prisen.

KM-finale neste helg

Os J13 har hatt ein fantastisk sesong som førsteårs ungdom.

I vår tok dei ein suveren siger i den første cupen dei deltok i som gamal nok til sluttspel, i haust vann dei 1. divisjonsavdelinga si. KM-finalen blir spelt søndag om ei veke.

Tre av spelarane på Os J13 blei tidlegare denne veka tatt ut på kretslaget.

Nore Neset til semi og finale

Nore Neset J13 gjorde det også svært bra, og var ikkje så langt frå å bli Os sin finalemotstandar.

Nore Neset blei nr 2 i pulja, a-poeng med Sotra, og slo Vestsiden og Fana i sluttspelet. Men i semifinalen blei det 0-3-tap for Gneist.

Samtidig har Nore Neset J14 tatt seg til finale i sin klasse. Finalen blir i skrivande stund blåst i gang.