Øystein Takle Eide gav Os 2-0-leiing. (Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.no)

Os leia 2-0 over Sotra

2. plassen frå 2016-avdelinga var motstandar då Os i dag spelte sin sjette treningskamp.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os møtte Sotra, som dei slo 5-2 i avgjerande sisterunde i fjor, i treningskamp på bortebane i dag.

Ein prøvespelar frå Frankrike gav Os leiinga på straffe i 18. minutt, Øystein Takle Eide auka til 0-2 i 22. minutt.

– Vi var gode og styrte det meste første 30, og kunne fint ha skåra meir enn to mål, men så slurva vi defensivt, blant anna der vi burde klarert, og fekk to unødvendige imot før pause, seier assistenttrenar Ørjan Håland.

– Andre omgang blei meir stillingskrig og litt rotete, ingen av laga fekk til spelet noko særleg, synest han.

Sotra - Os 2-2 (2-2)
Målskårarar: Nahim og Takle Eide
Os: Anders Fossen Lunde - Anders Havsgård, Adrian Valle, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Preben Skorpen, Torgeir Lunde - Nahim, Glenn Krossøy - Øystein Takle Eide og Ole Martin Kolskogen.
Innbytarar med speletid: Steffen Ljosheim, Thomas Fosen, Fabian Bødtker og Simon Søvik.

Os speler neste treningskamp mot Bjarg laurdag om ei veke.

Kampen blir den første treningskampen på Kuventræ i år (kampstart kl 14).

• Midtsiden samleside: Os herrefotball

Fleire saker

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.

bilde-midtsiden

Betaler millionar til Bergen

21. september 2017

68 ungar frå Os går i barnehage i Bergen, noko Os kommune betalte 4,7 millionar for i første halvår 2017.

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.