Sport | 15. nov. 2015

Os mot Os mot Os

Lagunen Fotballfestival: Os 1 slo Os 2 i kvartfinalen. I finalen møtte dei Os 3.

Os mot Os mot Os
Os 1 mot Os 3 i juniorfinalen i Lagunen Fotballfest.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. nov. 2015 21:33

Bildeserie:

Os 2 leia 2-0 over Os 1 i kvartfinalen, men tapte 4-2.
Os 2 leia 2-0 over Os 1 i kvartfinalen, men tapte 4-2.
Thomas Lunde Fosen blei kåra til beste spelar i juniorfinalen mellom Os 1 og Os 2.
Thomas Lunde Fosen blei kåra til beste spelar i juniorfinalen mellom Os 1 og Os 2.
1 av 2
Os 2 leia 2-0 over Os 1 i kvartfinalen, men tapte 4-2.
Thomas Lunde Fosen blei kåra til beste spelar i juniorfinalen mellom Os 1 og Os 2.

I gutar 16 kom Nore Neset til semifinalen etter at Os blei diskvalifisert grunna bruk av same keeper på fleire lag.

Mens førstelaget spelte ei eliteturnering stilte Os med Os 2, Os 3 og Os 4.

Alle vann sine puljer.

Os 2 og Os 4 vann kvar sine kvartfinalar, men fekk altså ikkje halda fram i turneringa.

Også i juniorklassen var det mykje som handla om Os.

Tredjelaget imponerte

– Nivået var nok høgare enn i serien, fleire av laga hadde tatt ned A-lagsspelarane sine og stilte sterkt, fortel Tore Kleppe.

Han er med og trener Os 2 og Os 3 på juniorsida.

– Vi køyrde litt Drillo-stil på Os 3, med lange ballar til to lynraske spelarar, og det var godt nok til å ta oss heile vegen til finalen.

Os 1 vann pulja si, Os 2 kom på 2. plass, Os 3 på 3. plass.

Os 3 slo Djerv/Nordnes 2-1 i 1/8-finalen, og glimta til med 2-1-siger over Bønes i kvartfinalen.

I semifinalen blei det straffekonk mot Bjarg, der keeper Henning tok den eine straffen, og missa, men tok det heile igjen, redda to og tok Os 3 til finale mot Os 1.

Os 1 hadde frå før slått Os 2 i kvartfinalen, der Os 2 leia 2-0 til pause, men sprang seg tom etter 50 minutt. Førstelaget reduserte på straffe og skåra tre til.

Mest nøgd med semifinalen

Odd Jarle Hjelle, som leiar førstelaget, er imponert over både Os 2 og Os 3.

For førstelaget er han mest nøgd med semifinalen.

– Vi hadde handikapfordel mot førstedivisjonslaget Gneist, men bestemte oss for å vinna før vi skulle ta handikapstraffen etter kampen. Det klarte vi.

Hjelle fortel at gutane gjekk ut i hundre og spelte ein kjempekamp.

Semifinalen mot Gneist enda 3-1.

– Det er litt spesielt å møta sine eigne, og då Os 3 fekk ein spelar utvist blei kampen litt øydelagt. Det blei ein noko laber finale, men det var veldig kjekt å vinna, synest Odd Jarle etter 2-1-sigeren.

Thomas Lunde Fosen blei kåra til beste spelar i finalen.

Tore Kleppe er strålande någd med Os mot Os i finalen, og eit tredje Os-lag slått ut av sine eigne i kvartfinalen.

– Det er ikkje lenge sidan Os ikkje hadde juniorlag, no har vi tre heilt i toppen, i tillegg til fire gode gutelag og Nore Neset heilt til semifinalen, seier Kleppe.

Her kan du sjå alle resultata.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.